No ser det ut til at vi må lite på 11 hjulbeinte karar i kortbrok og med hårbøyler for å sikre framtidas fiberutbygging.
Det går med andre ord framover med verda – om enn smått.
]]>Det er ikkje berre fotball som gjer at nettet korkar seg, og om eg av ein eller annan merkeleg grunn skulle ha blitt fotballinteressert, så kunne eg reist på jobben i Førde sentrum og sett kampen. Der er tilhøva bra, og Enivest kan levere fiber. Men nettbruken er stadig aukande, og kapasiteten har stått mykje i ro siste åra. Eg søkte for nokre dagar sidan om å få auka kapasiteten hos Telenor heime. Eg bur ca. 3,3 km frå næraste sentral.
Eg har i dag 3000/350 kbit.
Her er standardabonnementa hos Telenor:
Bredbånd Basis: 1500/400 kbit/s
Bredbånd Medium: 5000/500 kbit/s
Bredbånd Premium: 16000/800 kbit/s
Eg prøvde meg på Premium-varianten. I går fekk eg skriftleg svar hjå Telenor at eg ikkje kan få høgare fart enn eg har i dag, og at det er ingen planar som utbygging som gjer at kapasiteten blir betra. Det siste er det som skuffar mest, men eg er sjeleglad for at eg ikkje er avhengig av å sjå dei omtalte fotballkampane.
]]>Og det er «last mile» som er flaskehalsen. Telenor gjer det same som med ISDN; tyner teknologien til siste dråpen og vel så det. No er det koparnettet som skal mjelkast for dei siste dråpane, då dei heller skulle vore i full sving med fiberlegging heilt ut til abonnentane.
Difor er det bra at dette blir synleggjort, av NRK og andre.
]]>