Kommentarer til: Pengar og journalistikk http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/18/pengar-og-journalistikk/ Bare enda et NRK-blogger-nettsted Sat, 05 Mar 2011 14:23:47 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Kai Aage Pedersen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/18/pengar-og-journalistikk/#comment-218 Tue, 24 Feb 2009 13:51:20 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/02/pengar-og-journalistikk.html#comment-218 100 millionar trur eg er heile NRK Aktivum (NRK sitt kommersielle selskap) sitt overskot i eit godt år. Nettannonser er berre ein liten del av det totale overskotet. Men likevel:
Sist dette var til diskusjon i departementet miste NRK retten til å selja annonser på Tekst-TV. Det kan godt henda at nettet blir underlagt tilsvarande regime.
Svend Arne Vee har dessutan heilt rett i at NRK har ei svært gunstig finansiering som vi håpar vil vara vidare. Eg håpar også at lokalavisene tener mykje pengar slik at dei kan driva mykje god journalistikk i fylket.
Andre som har synspunkt på NRK sine nettannonser?

]]>
Av: Svend Arne Vee http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/18/pengar-og-journalistikk/#comment-217 Tue, 24 Feb 2009 13:32:57 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/02/pengar-og-journalistikk.html#comment-217 Eg deler dels Kai Aage sin analyse av stoda og utfordringa. Men på eit viktig punkt sit han litt i glashus.

Det er nemleg slik at det er ein god forretningsidé å ta seg betalt for produkta og tenestene sine. Ein endå betre forretningsidé har du om du kan få betalt TO gonger for same produktet eller å gjere same jobben.

Når Pedersen no er overtydd om at framtida for lokalavisene ligg på nettet, så stemmer kanskje det. Pengane er også på god veg dit – men det er sanneleg NRK også.

På kort tid har NRK blitt ein monaleg stor kommersiell aktør på nettet. Dei sel annonseplass på nrk sine nettsider, rett nok ikkje sjølve og med lokale krefter, men ved hjelp av gode salskrefter sentralt går dei no laus på lokale annonsemarknader t.d. i Sogn og Fjordane.

Kva er så forskjellen på det og at t.d. Firdaposten eller Fjordingen gjer det same? Jau, forskjellen er at annonseseljarane i lokalavisene må selje for å generere dei inntektene som får avisa til å gå rundt. Gjer dei jobben, har dei ein arbeidsplass å gå til neste dag.

Når ein lisensfinansiert allmennkringkastar får frie tøylar i ein slik marknad, der «løna alt er betalt», så konkurrerer ein ikkje på like vilkår. I skrivande stund har eg høyrt tal på at NRK tar inn mellom 80 og 100 millionar på nettannonsering årleg (Du får korrigere meg om eg tar feil, Kai Aage).

Det du ikkje treng korrigere meg på, er at denne saka no hamnar hos EU, som må ta stilling til om Europas allmennkringkastarar faktisk kan halde fram på denne måten. Avgjerda her trur eg kan få stor betydning for mediemangfaldet i fleire land på sikt.

]]>