Kommentarer til: Tving på dei nynorsken! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/ Bare enda et NRK-blogger-nettsted Sat, 05 Mar 2011 14:23:47 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: cwDeici http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-192 Fri, 23 Oct 2009 00:02:33 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-192 Kai Aage Pedersen, du er en hykler.

Ditt ‘gode spraak’ er meget relativt… med untakk av aphasia og andre former for hjerneskade er det lite som kan anses som daarlig spraak ettersom spraak alltid er under utvikling. Du kjemper ikke for frihet, men tvang fordi du ser at noen av de andre gjoer det samme.

Du er en hykler og en loegner, en kriger som kriger i ‘fredens’ navn. Hvis du var aerlig nok til aa inroemme det ville du fortatt vaere bedre enn de andre og man kunne argumentere at du gjoer rett, men fordi du lyver er du verre enn dine motstandere.

Frihet er frihet, tvang er spraakrig. Og den krigen dere lyver om er en krig dere vil tape.

Selv bruker jeg veldig lite norsk, men det gleder meg alltid naar liberale fascister som dere taper, fordi dere fortjener det.

Selv stoetter jeg total frihet for alle, med makt for aa stoette opp om det saann at ingen av dere onde spraakhester i bokmaal, engelsk og norsk kan tvinge andre.

Spraak er et kommunikasjonsmiddel foerst og en kunst etter, ikke et vaapen.

]]>
Av: Kai Aage Pedersen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-189 Wed, 04 Feb 2009 14:33:42 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-189 Nei, dei står på rentefri konto 🙂
Du har heilt rett Vee! Ei form for statsstøtte det og. Men så har då også NRK eit sett med reglar vi må følgja for å få desse pengane, mellom anna har vi pålegg om minst 25 prosent nynorsk.

]]>
Av: Svend Arne Vee http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-188 Wed, 04 Feb 2009 14:27:34 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-188 Kaiken skriv:
PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

Eg betalar vel også lisensen min til NRK på forskot. Dei rentar seg vel dei kronene dykkar og, Pedersen?

]]>
Av: Kai Aage Pedersen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-187 Mon, 02 Feb 2009 11:21:00 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-187 Tøft! Trur eg skal melda meg inn i telegrafmållaget! Skal lova alle som møter fram på Campus at det berre blir verbalt frå denne kanten. Labert frammøte elles tenkjer eg 🙂

]]>
Av: Jan-Erik Kvåle http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-186 Sun, 01 Feb 2009 09:14:20 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-186 Ser ikkje ut til at linken i førre kommentar funkar. Trykk HER , eller gå til http://www.kuttisme.no og les innlegget «Språkråd frå Forsyningsdepartementet».

]]>
Av: Jan-Erik Kvåle http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-185 Sun, 01 Feb 2009 08:57:55 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-185 Det er mogleg eg er litt off topic her, but shit lell:

Korrespondansen eg linkar til under her er bare helt utrolig sinnsyk rå – og den er fra 1940. Jeg har aldri sett på maken, heeeelllt syyykt.

Ta deg tiden, Kaiken – hold ut, og les. Det er jo vanskelig å lese brevtekst på nett, men når du kommer til svarbrevet er det bare så innmari innihutaheitadeg morsomt. Man ramler nesten av stolen.

Alle som les denne brevvekslinga mellom Noregs Telegrafmållag og Forsyningsdepartementet trur eg vil humre litt…

Det handlar om kva som er dei viktige sakene her i livet….utan at eg dermed skal trekke alt for mange parallellar…

Les den fantastiske korrespondansen her! (Kuttisme.no – ein av dei fremste fagbloggane for kommersiell nettskriving

ps! Favorittnynorskordet mitt no om dagen: Kverrsett.

Eit nydeleg ord.

ps2: Kaiken skal halde føredrag om web 2.0 i Sogndal på tysdag f.k. Eg tilrår arrangementet – særleg fordi han visstnok skal dra ei dixieland-låt på klarinetten sin.

]]>
Av: Kai Aage Pedersen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-184 Sat, 31 Jan 2009 14:59:15 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-184 Per Bordø; Å bruka tvang var kanskje ikkje så presis språkbruk av meg. Avisene får tilgang på fleire titals millionar kroner frå fellesskapet si lomme (momsfritak). For å få tilgang på dette er det vanleg at felleskapet stiller visse vilkår, mellom anna er det eit krav at avisa kjem ut kvar dag. Kvifor kan ikkje eitt av krava vera at journalistane skal få skriva den målforma dei meiner er best for dei?
Anders Vikøren: Du har mange gode observasjonar, bra sjølvsagt at du er einig med meg 🙂 Har kjempa manga ein kamp for sognamålet mitt – men opplever at dette er vesenleg lettare i dag enn då eg var i forsvaret for 20 år sidan.
Les forresten intervju med Sylfest Lomheim i Bergens Tidende i dag om denne saka. Språkrådet skal senda brev til departementet, men det er ikkje nett ein Molotovcoctail som blir send frå dei som skal syta for godt språk!

]]>
Av: Anders Vikøren http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-183 Thu, 29 Jan 2009 22:01:32 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-183 Noreg er eit løgje land, kanskje ein eigen planet, i alle fall ei eiga verd. I dette landet har ei tidlegare kolonimakt med sitt administasjonssystem (les embetsverket) gjort ei kulturimperalistisk bragd. Haldningane til det danske embetsverket lever i beste velgåande. Oslo er det som tel. Det er usikkert om dei som bur utanfor denne byen har verdi. Det er usikkert om det går an å skjøna kva dei seier. Det er best alle avgjerder vert gjort i Oslo.
Eg har drøfta den norske språksituasjonen med utenomskandinaviske språkforskarar og filologar med kjennskap til nordiske språk. Deira inntrykk er at bokmål er i hovedsak dansk som blir uttalt med «norsk» uttale. Det er enkelt å sjå sterkare språkleg slektskap mellom t.d. vestlandsk og svensk, enn mellom vestlandsk og bokmål. Dansk har slege seg fram med ei kile som er imponerande. Nordmenn vert oppfatta som svært nasjonalisiske, men ikkje i språkleg samanheng. Dansk har sjølvsagt den største utbreiinga i byane (der det har vore embetsverk representert).
Noreg er utypisk. I småe nasjonar er det språket som har vore største identitetsberaren. Dei fleste små nasjonar driv òg ein aktiv språkpolitkk for å unngå at ord og uttrykk forsvinn og syt for å røkta språket. Då eg for nokre år sidan tok ein tur til Helgelandskysten, vart eg undren sidan eg fann att mange ord og uttrykk som eg trudde var noko me balte med berre i Sogn. Seinare har eg funne det samme fenomenet i hovedsak på landsbygda. No har ein rett nok nokre avlatsøvingar med IvarÅsensenteret og NRK sitt nynorske kompetansesenter, men har desse ein aktiv funksjon? Er hovedfunksjonen at stortingsrepresentantar kan komma innom på tilstelningar og føla seg viktige og «nasjonale»?
I mi tid har eg sett at ordet «sånn» som kjem av det danske «sådann»
trengjer vekk «slik». Når eg var liten, var det berre ekspeditrisene på Thorsens Dampakeri som sa «sånn». Dei var meir danna enn kundane. No er dette vanleg i Vik òg. Dessuten siste 5 åra forsvinn «dn» frå sognamaolet. Ungane seier ikkje hestadn lenger, men hestane. Ao-adn heng att, så det er ikkje logikk i det. Eg prøver å seia til ungane at når du reiser til Oslo, så trur dei likevel du er frå Island. Du kan like gjerne snakka skikkeleg sognamaol.
I den tida eg gjekk på skule hadde vi gode lærarar som forklarde samanhengen mellom dialekt og nynorsk. På gymnaset i Sogndal hadde vi ein fantastisk fin lærar, Ole Hågård (austlending), som synte oss korleis vi kunne skriva både nynorsk og bokmål slik at det var næraste mogeleg vårt talemål. Kva som var lov å skriva innanfor språkreglane. Vi kunne tenkja vår eigen dialekt medan vi skreiv.
Eg tykkjer NRK og sosialdemokratiet har vore fæle til å forflata språket.
I engelsk er det vanleg å slengja på nokre løgne ord innimellom slik at mottakaren får noko å bryna seg på. Difor har dei vel ca 100 ganger meir ord enn oss. Her er det om å gjera at mottakaren skjønnar alt med ein gong. Men når ein ikkje får noko å tyggja på i øyrene, så virkar hovudet dårlegare.
Journalistane er kanskje ikkje dei som «reddar» det norske språket. Vi har journalistar i riksmedia frå Vik som høyrest ut som reinspikka førdiananrar. Dei er vel redde for at dei ikkje skal bli skjønte. Viss dei hadde snakka sognamaol, hadde dei i alle fall blitt lagt merkje til. Er ikkje det litt av poenget/statusen med å ha den jobben?
Eg er einig med Pedersen at tvang er gode greier i språkrøkta. Vilkåret for pressestøtta bør sjølvsagt vera at 22% av stoffet er på nynorsk. Eg kan vera med på at Sogn Avis får krav om 22% bokmål, etter at Dagbladet, VG og Aftenposten har fått inn sin del nynorsk.
Kanskje det er TV2 som har gjort mest for det norske språket?
Dei starta opp med ein hallomann som snakka klingande vossamaol. Dei tapte seg etter at dei flytta til Oslo dei òg.
Tone Damli Aoberje gjer truleg meir for språket enn Sylvfest Lomheim. Ho knotar i alle fall mykje mindre.
Uavhengig av nynorsk og bokmål er det vorte svært dårleg språk i alle media. Er det greitt at alle har ei ordleggjing og eit ordforråd som ein medvitslaus 16-åring når dei vert slept laus i eteren?
I det vetle landet Litauen har dei eige språkpoliti. Dersom det kjem fram ukorrekt og dårleg språkbruk i media, får vedkommande person personleg bot på 5 kroner for kvar feil.
Der er dei medvitne om at språket er nasjonen. Dei har vore valsa over av dei fleste stormaktene i Europa i århundrer, men har likevel nasjonal identitet og sterkaste kulturberaren er språket.
Det er gale at elevar no kan sleppa unna nynorsk. Snakk om lærevegring! Etter mitt syn burde vi òg læra pitte litt samisk.
Eg har hatt stor hugnad av å snakka sognamaol og skriva nynorsk både privat og i arbeid. Det var stas å leia byggjemøter i Oslo. Det var ingen som kritiserte dialekten, men det var få spørsmål før etter tredje møtet. Ingen klaga på å få møtereferat på nynorsk. Dei fleste hugsar meg att sjøl om eg ikkje har møtt dei på 20år. Det er ikkje fordi eg er så vakker som Tone. Og dei skjønnar framleis sognamaol!
Skal vi skriva bokmål om 10 år, går eg heller over til engelsk eller tysk.
Bra blogg, Pedersen! Stao Pao!

]]>
Av: Per Bordø http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-182 Thu, 29 Jan 2009 10:01:42 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-182 Har dere nynorskforkjempere noen gang tenkt over begrepet «pyrrhosseier»? Nynorskbrukere bør be til sin Gud om at dette aldri kommer opp i Stortinget.

Det hjelper lite å ha et godt teoretisk poeng hvis man bruker det til selvskading og til å bekrefte fordommer om seg selv. Husk at de fleste lesere bare vil oppfatte følgende «poeng»: «nynorsk — mer tvang», helt uavhengig av sakens realiteter.

Antallet nynorskbrukere er nær knyttet til nynorskens omdømme — nynorskhat er hovedgrunnen til at folk slutter å bruke nynorsk; resten er i stor grad vikarierende argumenter. Det skal en enorm praktisk gevinst til for at det skal veie opp for den motviljen (og dermed det tapet av nynorskbrukere) som et slikt krav vekker — for det vil bli oppfattet som tvang om det aldri så mye er motparten som til nå har stått for språktvangen. Folk aksepterer gammel, innarbeidet og internalisert urett, mens statlige forsøk på å opprette balanse oppfattes som tvang og overgrep — slik er det bare. Når gevinsten i tillegg er høyst usikker, er kravet rene selvmordet.

Det er ikke alle prinsipielt gode saker man bør utkjempe hvis man virkelig er opptatt av konsekvenser. Å tirre majoriteten og den økonomiske overmakta føles sikkert «tøft» for de mest hardbarkede, men man bør sannelig være sikker på at man har noe igjen for det som kommer resten av minoriteten til gode. Og dette «noe» må være større enn tapet. Litt av problemet er vel at hardbarkede og høyrøstede aktivister ikke er i stand til å oppfatte når ting går galt, men bare buser videre til neste «gode sak».

Til slutt: Statsstøtte til «diskriminering» er helt vanlig. De fleste organisasjoner som får statsstøtte, har formål ikke alle kan slutte seg til, og svært få representerer «alle». Hvordan skulle det ellers vært? Det finnes til og med statsstøttede organisasjoner som godtar en slags delfolkemord, ved å støtte opp om at bare utvalgte skal leve etter døden. Språktvangen blekner i sammenligning. 😉

]]>
Av: Georg Arnestad http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comment-181 Mon, 26 Jan 2009 14:01:17 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html#comment-181 Ottar Grepstad, som er direktør ved Nynorsk kultursentrum/ Aasentunet, har skrive ein vetug artikkel om dette i Dagens Næringsliv i dag (26.1.09). Han avsluttar med det retoriske spørsmålet: «Kor lenge skal den største støtteordninga i kulturbudsjettet bli verande utan språkpolitisk mål og meining?»

Eg ser med ei viss spenning fram til kva Stortinget vil seie om saka, når ho om kort tid skal drøftast i Storinget.

]]>