Kommentarer til: Legg ned sosialen! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/ Bare enda et NRK-blogger-nettsted Sat, 05 Mar 2011 14:23:47 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Per Bj. Ørjansen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/#comment-161 Fri, 09 Jan 2009 14:23:10 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/legg-ned-sosialen.html#comment-161 Eg tenkjer som deg at det er heilt unødvendig at dei Fundotilsette må søkje anten om lån eller direkte økonomisk tilskot etter sosialtenestelova. Det er ikkje sikkert at dei vil få stønad heller. Akkurat det blir ei vurdering av kvar einskild sin totale økonomisk situasjon og ikkje om ein har mottatt desemberløn eller ikkje. Slik er det å «gå på sosialen» som du utrykker det. Ein ting er sikkert det blir ikkje utbetalt «desemberløner» på sosialen. Sosialkontoret er faktisk den siste rest av gamle «Fattig Noreg» og sosialkontoret er berre ei vidareføring av fattigforsorgen. Når folketrygda vart innført i 1967, så hadde ein som mål å avvikle den økonomiske sosialhjelpa. 40 år etter er det berre å registrere at det ikkje er politisk vilje til å overføre den okonomiske sosialhjelpa til trygdesystemet. Så lenge den økonomiske ytinga er knytt til sosialkontoret og særlov så forsvinn ikkje uttrykket å gå på sosialen. Eg trur heller ikkje vi skal prøve på i finne eit anna betre og kanskje tilslørande uttrykk, men heller arbeide for at situasjonar som Fundoarbeidarane no står i og andre står i til dagen skal finne si løysing gjennom det ordinære trygdesystemet (trygd = tryggleik)Så fjern sosialhjelpsstønaden frå sosialkontoret.

Med helsing
Per Bj. Ørjansen

]]>