Cup – Innkast med Arne og Rune http://blogg.nrk.no/innkast En blogg fra NRK Wed, 16 May 2012 07:55:03 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Kan det skje igjen ? http://blogg.nrk.no/innkast/2011/05/11/kan-det-skje-igjen/ http://blogg.nrk.no/innkast/2011/05/11/kan-det-skje-igjen/#comments Wed, 11 May 2011 08:43:38 +0000 http://blogg.nrk.no/innkast/?p=6 Les videre ]]> Av ein eller annan grunn betyr cupen spesielt mykje her heime. Ramma rundt cupfinalen på Ullevål er nok ei av forklaringane, men ein skal neppe undervurdere kor mykje det betyr at eliteserielaga i dei tre første rundene møter lokale lag frå lågare divisjonar, og lagar den eine folkefesten etter den andre. Som i Eidsvåg og på Stranda i første runde av årets cup.

Den første cupfinalen vart spelt alt i 1902, og det betyr at den norske cupen er sterkt forankra historisk sett. Både Molde og AaFK har tatt NM-gull, og begge laga jaktar på ny triumf i år. Då gjeld det å vere på tå hev i dei første tre rundene, for å unngå dei sjarmerande cupblemmene. Sjarmerande for dei fleste, men frykteleg audmjukande for elitelaga som snublar mot antatt svakare lag.

Dei blåkvite vil nok fortrenge helga og kampen mest mogleg, medan dei oransje vil leve på den til evig tid. Eg snakkar sjølvsagt om cupfinalehelga i 2009. For ein nøytral fotballentusiast frå Møre og Romsdal var dette indrefileten av ein norsk fotballkamp. Stemninga, forspelet, kampen og feiringa etterpå. Det var ein magisk kamp som hadde absolutt alt. Molde var favoritt, hadde kongepokalen i handbagasjen heim til rosenes by før langemann Aarøy dukka opp og stonga inn 2-2 like før slutt. Ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse. Der ein romsdaling punkterte cupdraumen for Molde med det avgjerande straffesparket. Amund Skiri og dei andre tangotrøyene drøymer nok om ein reprise, og gjerne mot nabo og erkerival Molde FK.

Men kan det skje igjen ? At Molde og Aalesund møtest i finalen på Ullevål når folk har begynt å tenke på julegåvehandelen ? Ja, det kan skje, men mykje må klaffe for at det skal verte ein realitet. Etter 3.runde handlar det meste om flaks med trekninga, heime eller bortebane og om laget er inne i ein god eller dårleg periode når 4.runde og kvartfinale vert spelt, osv.

På vegner av alle som var på Ullevål i november 2009- vi tek gjerne ein reprise på festen, og kanskje får MFK sin revansje ?

]]>
http://blogg.nrk.no/innkast/2011/05/11/kan-det-skje-igjen/feed/ 1