val – Atle Hamars meiningar frå Jølsters sørside http://blogg.nrk.no/hamar En blogg fra NRK Wed, 05 Nov 2008 13:27:18 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Gratulerer Amerika http://blogg.nrk.no/hamar/2008/11/05/gratulerer-amerika/ http://blogg.nrk.no/hamar/2008/11/05/gratulerer-amerika/#respond Wed, 05 Nov 2008 13:27:18 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/11/05/gratulerer-amerika/ Les videre ]]> Klokka er kvart over eitt på Munchen flyplass. Eg har noko ventetid til flyet mitt går. Eit tv står på. CNN sender kontinuerleg og i timevis om den historiske sigeren til Barack Obama. Det er eit valskred som har føregått i USA. Eit resultat av ein feilfri valkamp og ein valkamp som har mobilisert førstegongsvelgjarar meir enn nokon gong før. Men ogsä eit resultat av at mange ville ha ein ny politikk etter 8 år med Bush. Fleirtal for demokratane både i senatet og kongressen. Heile 66 % av velgjarane mellom 18 og 29 år stemte demokratisk og Obama. Han vann fleire av vippestatane.

Heile verda har vore engasjert i dette valet, men det er velgjarane i USA som har stemt. Dei ville ha «change». Kva betyr så dette for oss? USA kjem til å delta meir forpliktande i internasjonae fora, m.a. i høve til internasjonale klimaforpliktelsar. USA vil i større grad velgje diplomati enn aktive krigshandlingar. USA vil bidra sterkt til å løyse den finansielle krisa. Og ikkje minst: Demokratane og Obama står generelt langt nærmare sentrum i norsk og europeisk politikk enn republikanarane.

Siger til demokratane og Obama gjev ikkje berre god von for USA, den gjev også god von for verdssamfunnet elles.

]]>
http://blogg.nrk.no/hamar/2008/11/05/gratulerer-amerika/feed/ 0