Heile verda har vore engasjert i dette valet, men det er velgjarane i USA som har stemt. Dei ville ha «change». Kva betyr så dette for oss? USA kjem til å delta meir forpliktande i internasjonae fora, m.a. i høve til internasjonale klimaforpliktelsar. USA vil i større grad velgje diplomati enn aktive krigshandlingar. USA vil bidra sterkt til å løyse den finansielle krisa. Og ikkje minst: Demokratane og Obama står generelt langt nærmare sentrum i norsk og europeisk politikk enn republikanarane.
Siger til demokratane og Obama gjev ikkje berre god von for USA, den gjev også god von for verdssamfunnet elles.
]]>Det er langt meir krevjande for mange, og ikkje minst det å forstå, når folk midt i sin beste yrkesalder går bort. Det hende med Steinar som arbeidde her i tilsynet, råka av kreft i ung alder for nokre år sidan. I vår gjekk Janne Kjøsnes bort, 33 år gamal. Ei respektert dame som eg trur omtrent heile Jølster og store deler av Førde hadde ein relasjon til. Skrivar i idrettslaget, med i ei rekkje organisasjonar, eit ja-menneske , som også hadde mykje tid og omsut for sin eigen familie. Janne hadde vore styrar i mange år i Vassenden Barnehage. Likeeins i Førde. Eit godt menneske med eit ufatteleg godt humør. Kvifor skjer dette?, spør mange, og svar er vanskeleg å gje.
Når slikt skjer, er ofte vi vaksne tilbakeholdne. Det kan vere vanskeleg å finne ord. Mi oppleving er at born i slike situasjonar kan vere meir direkte. Min yngste son på 7 år sa ”vår kjære Janne” når det gjekk opp for han at Janne ikkje var meir.
Eg trur det er viktig å snakke om slike tema heller enn å teie. Det er viktig å snakke med born når slike situasjonar oppstår. Uansett representerer dei som har gått bort eit livsverk som skal bli respektert i all ettertid.
Eg oppdaga Junipher Greene først når eg gjekk på Førde Gymnas i åra 1979 til 1982. Då kom ”best of” plata ”Rewind”, og deretter bråvakna interessa for Junipher Greene både hos meg og mine musikkinteresserte vener. Vi kjøpte alt vi kom over av dette bandet, men ”Friendship” var allereie då, Noregs dyraste bruktplate, og umogeleg å spore opp. Eg fekk til naud låne denne plata ei vekes tid av min studiekamerat Jan Morten på Høgskulen i Sogndal seinare på 80-talet, med klare forsikringar om svært nøyaktig og pen handsaming.
Noko som gjorde ”Friendship” endå meir kuriøs, var coveret, mala av den gang unge Odd Nerdrum. ”Friendship” var gjennomført, ein slags tema-LP, og vi fekk ein miks av blues, rock og Jazz som Noreg ikkje hadde høyrt før. Junipher Greene besto av vokalist/gitarist Freddy Dahl, kjent vokalist i mange samanhengar i åra etter. Trommis Geir Bøhren og gitarist/fløytist Bent Åserud, har i tida etter Junipher Greene laga filmmusikk til eit 30-tals filmar, og bl.a. vignetten til NRK Dagsrevyen. Helge Grøslie orgel/piano og Øyvind Vilbo, bass, var seinare med i andre norske kjende band som Titanic. Fleire musikkritikarar og det breidt samansette panelet som kåra Noregs 100 beste plater i DN i fjor, har m.a. skrive at det gjekk mange år før eit norsk band nærma seg nivået til Junipher Greene. Bandet var komplett med 5 gjennomført gode musikarar, og ingen ujamne element.
Om fjorårets kåring var avgjerande for at Junipher Greene har hatt 3 konsertar so langt år veit eg ikkje. Den konserten vi fekk på Rockefeller i Oslo 26.september, var av so høg kvalitet og heilt opp til platelyd, at vi som var der fekk ei oppleving av dei sjeldne. Det hjelp nok også litt for den totale opplevinga sin del, at vi kan tekstane so godt at vi kan synge med på absolutt alle låtar. Difor er denne meldinga skriven med eit svært subjektivt utgangspunkt. ”Friendship” er i desse dagar i platehyllene att i nypressa form, og då står det berre att å referere dei første strofene i tittellåta:
”Friendship my friends, is a matter of thought. It’s a wonderful thing that cannot be bought. It comes from the heart and lasts through the years…
]]>At selskapet trong eigenkapital i starten var ikkje unaturleg, men at Telenor skulle få i gåve eit nett som vi forbrukarane hadde nedbetalt gjennom år, seinka i praksis utbygginga av breiband kraftig, noko eit distriktsfylke som vårt fekk merke til det fulle. Det er paradoksalt at vi må etablere spleiselag på spleiselag i kommune etter kommune, når vi veit at Telenor har mørk fiber liggande i same område. Ein fiber og eit telenett som samfunnet og telekundar gjennom generasjonar har nedbetalt.
For å ta min eigen kommune Jølster som eksempel: Her veit vi at Telenor har mørk fiber liggande i Jølstravatnet. Den går på land på Vassenden, og Bjørseth (midt på vatnet). Dersom denne fiberen hadde vore open for andre teleoperatørar, så hadde vi hatt breiband tidlegare, og vi hadde hatt meir breiband enn vi får i dag. Men Telenor byggjer først og mest ut der dei store folkerike regionane er. I den grad dei prioriterer Sogn og Fjordane, så er det fordi andre konkurrentar etablerer seg. Telenor kjem t.d. konsekvent med tilbod etter at Enivest har bygt ut og etablert seg. Eg hugsar at eg ringde ein utflytt sambygding som jobbar høgt oppe i Telenor, ei stund før vi fekk breiband på Vassenden for nokre år sidan. Eg spurde han om kor tid Telenor var på plass på Vassenden med breiband. Han svarte kort: ”Breiband til Vassenden, aldri lønsamt!”
Tre kvart år etter var Enivest på plass med sitt breiband, og eit halvår etter Enivest kom Telenor slepande med sitt tilbod til innbyggjarane. Men heller ikkje Telenor tek i bruk den mørke fiberen dei har liggande. So kjære samferdsleminister og fornyingsminister: D et beste grepet De kan gjere er å fremje og få vedteken ei lovendring som sikrar fleire tilbydarar tilgang til infrastrukturen det statlege majoritetseigde Telenor har, og liknande infrastruktur som også det statlege Bane Tele har. Eit tøft regulatoriske grep her, sikrar meir bandbreidde, meir kapasitet, og billegare pris, ikkje minst for dei verksemdene som er avhengige av stort forbruk og god kapasitet.
]]>Eg er både i skisenteret og på kunstgrasbana. Eg ser dei same dugnadsfjesa gå att sommar som vinter. Folk som stiller opp. Ikkje reknar dei på si eiga tid, ikkje reknar dei på småutgifter dei sjølv har heller. Dei er verdfulle og heilt avgjerande for at borna skal få god organisert aktivitet. Eg stiller det same spørsmålet kvart år: Kvar er dei andre foreldra ? Kvifor har alltid ein del tid til å stille opp, og andre aldri ? Og kvifor er protestane mest høglytte frå dei som aldri tek eit tak, når treningsavgifta skal betalast til fotballgruppa ? Bygdene og bygdebyane våre i Sogn og Fjordane er heilt avhengige av den positive vilje, at folk stiller opp, at folk engasjerer seg. Greier vi ikkje å halde på denne kulturen, må vi betale meir for borna sin aktivitet. Då blir det i allefall treningsavgifter på eit heilt anna nivå.
]]>I dag handlar det mykje om nominasjonen på demokratisk side, Obama vs Clinton, medan veteranen John Mc Cain er klar på republikansk side. Amerikanske presidentval kan ingen nasjon stille seg likegyldig til. Kven som styrer i USA har avgjerande betyding for kva som skjer innanfor tryggingspolitikk, internasjonal økonomi, klimaforhandlingar og ei rekkje andre område som også betyr noko for oss. Vi kan undre oss over at ei krise i amerikansk økonomi, som i stor grad handlar om amerikanske bustadlån, har verknad på oss. Men slik er det, og så lenge Noreg har ein open økonomi og er ein del av ein global økonomi, har trendar i tunge økonomiar betyding for oss.
Difor støttar eg aktivt demokratane. Om ikkje dei to partia i USA direkte kan samanliknast med vår partistruktur, er demokratane rekna for å representere det liberale demokratiske sentrum, og dei står for ein utanrikspolitikk som er nærmare synspunkta til europeiske nasjonar enn kva Bush-administrasjonen står for.
Eit anna fenomen som er fasinerande er rolla til amerikansk høgsterett. I USA er høgsterett gjeven ein slags utvida posisjon: Ikkje skal dei berre ta stilling til det rettslege som øvste instans, men også fatte vedtak om prinsipielle saker, som i dei fleste andre land ville vere tillagt lovgjevar, i Noreg Stortinget. Utnemning av høgsterettsdommarar er difor svært viktig for ein kvar amerikansk president. Ved å utnemne dommarar som står for den same lina som ein sjølv, vil presidenten sikre ei vidareføring av politikken på viktige prinsippområde i fleire periodar etter at han sjølv er gått av. Det er ikkje mange år sidan at eldstemann som måtte gje seg i høgsterett, i si tid var utnemnd av Lyndon B. Johnson. Og LBJ var som kjent ferdig i 1968. Ei sak som har hatt 5-4 fleirtal i årevis i liberal-demokratisk favør, er Roe vs. Wade, saka om kvinners rett å bestemme sjølvbestemt abort. Presidentvalet handlar derfor også om korleis høgsterett skal sjå ut, og sit ein president i to periodar, skjer det som regel ei utnemning eller to.
Eg har til no helde ein knapp på Hillary Clinton. Det gjer eg framleis. Eg trur USA har godt av ei få ei kvinne til president, og Hillary er ein politikar som har alle eigenskapar som skal til.