Kommentarer til: Når nære forsvinn http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/ En blogg fra NRK Thu, 12 Feb 2009 23:35:25 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Vigdis http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-23 Wed, 12 Nov 2008 19:57:10 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-23 For nokre år sidan var eg gjennom ein periode med sjukdom og dødfall i familien, og kan kanskje komme med nokre råd om korleis ein bør oppføre seg overfor personar i ein slik situsajon… og korleis ein ikkje bør oppføre seg…..
1. Ver til stades for vedkommande, men la ho/han styre kva dei vil snakke om.
2. IKKJE begynn å snakke om dine slektningar som er sjuke eller døyde av same sjukdom. DET ER IKKJE DET MINSTE HJELP I…
3. Ver ein god venn. Av og til kan det vere ei god hjelp å komme litt vekk frå situasjonen. Invitér vedkommande med på kino, ut å ete eller noko anna kjekt.
4. For dei som er opp i ein slik situasjon; Ta i mot hjelp! Det betyr så mykje for personar rundt å få lov å hjelpe.Den einaste som synest at ein skal klare alt sjølv, er ein sjølv.

]]>
Av: Bernt Kjøsnes http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-22 Wed, 22 Oct 2008 20:55:55 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-22 Når unge dør berører det som regel ei heil bygd, og det har vi fått oppleve når Janne døde. Alle som kjenner oss stiller opp, eit heilt utruleg samhald kjem til syne. Det er godt at alle kjenner alle då, og at ein ikkje bur i ein by der ingen kjenner deg. Men det som er synd, er at det offentlege, med psykiatritenesta, ikkje kjem på bana automatisk. For det å miste nokon brått, eller over ein periode burde det vore fanga opp. Og at ein skulle sleppe å bruke krefter og energi, på å få den hjelp ein treng.

]]>