Testane – Storing på Storen http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen Just another NRK-blogger site Fri, 04 Feb 2011 10:44:42 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Tirsdag 12. januar: Testen http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/2010/01/22/tirsdag-12-januar-testen/ http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/2010/01/22/tirsdag-12-januar-testen/#respond Fri, 22 Jan 2010 12:59:19 +0000 http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/?p=7 Les videre ]]> Enkel torturreiskap– Eg er faktisk i ganske brukbar form, har eg gått rundt og sagt.

Men eg er ikkje så sikker på det. For det første fekk eg bevegd meg lite dei siste tre vekene før jul, pga. podagraen, og lite dei neste tre vekene, pga. sprengkulda. Men eg har no gått på skøyter og måka skøytebaner og stort sett løyst svetten kvar einaste dag.

Men er det nok til å halde seg i nokonlunde form? Det går opp for meg at det vil testen gje eit nådelaust svar på.

Det andre som går opp for meg, er at skal du teste formen, så må du nødvendigvis presse deg så langt du klarer. Og det er ikkje behageleg.

Jo Inge ventar på Puls, med ergometersykkelen klar. Til den er det kobla ein boks som syner kor mange watt effekt eg leverer.

– Vi begynner på femti watt, og så held du på der i fem minutt, og så aukar vi belastningen med femti watt kvart femte minutt så lenge du orkar, OK? seier Jo Inge.

– OK, seier eg, og så begynner eg å trø.

Femti watt er lettare enn å sykle på flat veg med tandemsykkelen min. Eg pratar og ler, løyser ikkje svetten ein gong. Hundre watt er litt tyngre enn flat mark, men eg fortel framleis historier. Eg blir varm. På 150 watt seier eg at no må eg visst konsentrere meg om å puste, men så kjem eg på ei historie til. Men no haglar svetten.

– Dette tempoet skulle eg klart ganske lenge, seier eg til Jo Inge. Eg skal klare 200 watt og, men då kjem eg fort til å møte veggen, seier eg.

Og det gjer eg. Tjue sekund etter at vi har skrudd opp til 200 watt, er det ikkje snakk om å snakke lenger. Eg brukar alle mine krefter på å dra luft ned i lungene og få ho ut att, så store volum som mogeleg, snøggast råd. Jo Inge meiner eg viste astma-symptom, men han veit ikkje korleis det høyrest ut når eg syklar Kjelstad-bakken. Men etter to minutt gir vi oss. Eg kunne greidd fem minutt, men eg hadde lyst til å kunne gå neste dag.

– Ikkje så verst form, seier Jo Inge.

Og det var kanskje pent sagt.

 Her er mailen eg fekk frå Jo Inge dagen etterpå:

Her er resultat frå sykkeltesten:

Resultat trappetest sykkel Ole Johannes Øvretveit 13.01.2010

5 min arbeidsperiode på kvar belastning, tråkkfrekvens 75/min

50w: Gjennomsnittleg hjartefrekvens 105

100w: Gjennomsnittleg hjartefrekvens 117

150w: Gjennomsnittleg hjartefrekvens 135

200w: Gjennomsnittleg hjartefrekvens 151 (terminert etter 2 min)

 Ut i frå prestasjonen din på 150 w kjem du ut med eit berekna maksimalt oksygenopptak på 25,6 ml/kg/min. Dette er berekna til å være ”svært lavt”. Men ut i frå all mi erfaring blir du nok målt alt for lavt på testen. Og som tidlegare nevnt, det viktigaste er å få data på deg no, som vi kan samanlikne seinare.

Neste: Treningsopplegget

]]>
http://blogg.nrk.no/den_lange_vegen_mot_toppen/2010/01/22/tirsdag-12-januar-testen/feed/ 0