Tarjei Vesaas debutantpris – Bokbloggen http://blogg.nrk.no/bok En blogg fra NRK Wed, 14 Sep 2016 08:33:44 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Typisk debutantane i 2014 http://blogg.nrk.no/bok/2015/03/20/de-nominerte-til-tarjei-vesaas-debutantpris-2014/ http://blogg.nrk.no/bok/2015/03/20/de-nominerte-til-tarjei-vesaas-debutantpris-2014/#respond Fri, 20 Mar 2015 15:28:37 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=5746 Les videre ]]> vesaasnominerte2014
Dei tre nominerte til Tarjei Vesaas’ debutantpris har klare fellestrekk med kvarandre – og med svært mange andre debutantar: Dei skriv i første person eintal, dei skriv tynne bøker, og dei køyrer stoffet hardt. 

I fjor valte Forfattarforeininga å gå ut med ei liste på tre nominerte nokre veker før tildelinga av prisen, i år er dette blitt tradisjon. Det er bra. Slik tydeleggjer det litterære rådet korleis det vurderer litteraturen, dessutan gjer ordninga det enklare for lesande og kritikarar å orientere seg innanfor eit meir handterleg volum av bøker før den eine står fram som årets debutant.

KVA SER RÅDET ETTER?
Det litterære rådet i Forfattarforeininga har ni medlemmer, og dei har ei heil rekkje med kriterier dei kan bruke når dei skal nominere: Vil dei ha dei språkleg originale? Skal dei vere av den mogne og formsikre typen, eller trekkjer dei heller fram slike som ikkje har greidd å feste alle trådane men som har eit trøkk av eit eller anna slag? Sit dei vaksne forfattarane og lengtar etter «ungdommeleg galskap»? Etter ei samfunnsrefsande stemme? Eller skal val av tematikk vere underordna estetiske formkrav?

null_ginaNominasjonane i fjor viser at rådet bruker fleire kriterier. Då vann den rølpete romanen «Null» over den mogne novellesamlinga «Her inne et sted» og den meir eksperimentelle tekstsamlinga «I lyngen». Det ekspressive og aggressive gjekk av med sigeren.

Bøkene var altså ulike, i fjor som i år. Det mest påfallande i den korte nominasjonshistoria er faktisk at rådet begge åra har valt å nominere tre kvinner. Utan å ha lese alle debutantar dei to siste åra, veit eg likevel fleire mannlege forfattarar som godt kunne vore nominert utan at ein hadde trengt å bruke k-kriteriet, altså «kvotering». Denne skeivfordelinga skal sjølvsagt ikkje gå ut over dei nominerte.

I år står det mellom ei diktsamling, ein roman og ei novellesamling.

I EUROPA EIN STAD

Romanen «Europa» av Amalie Kasin Lerstang spelar seg ut i ein europeisk storby som hovudpersonen meir eller mindre flyktar til etter at ekskjærasten har kome ut med ein roman der ho blir portrettert på ein særs uheldig måte. Kva som står der, får vi ikkje vite, men ille er det. Kva for by ho flyttar til, får vi heller ikkje vite, men ille er det der også. Etter innfallsmetoden hamnar ho i kontakt med folk, gjerne slike som så vidt har foten inne i den mest ustabile delen av yrkeslivet og som søv på madrasser i umøblerte rom. Det er noko kriseramma over byen og over dei ho møter. Ikkje minst over henne sjølv, som er totalt retningslaus og såpass ute av seg at det grensar mot sjølvskading. Graviditeten ho drog ut med, skjuler ho så lenge det let seg gjere.

Den retningslause og prosjektlause unge mannen har lenge stått sentralt i bøker av yngre forfattarar; den kroppsfikserte «Fatso», den lett tvangsnevrotiske karen i «Naiv. Super», den verkeleg hardt prøvde sjølvplagaren i «Skråninga». No kjem bøker med retningslause kvinner tydelegare til syne.

Som her i «Europa». Språket er tett på det som skjer og byggjer gode bilde og dialogar. Sidan vi ser hovudpersonen i mange ulike konstellasjonar, veit vi også at ho lyg så det renn av henne. Det kan gjere lesinga litt munter, men berre til ein får tenkt seg om. For det er jo ei frykteleg trist historie.

detteharjegaldrifortalttilnoen
DET HEMMELEGE, SKAMMELEGE, VALDELEGE BEGJÆRET

Sju små noveller finst mellom permane i «Dette har jeg ikke fortalt til noen» av
Maria Kjos Fonn. Og sjølv om det ligg noko fortruleg i ei slik formulering, er ikkje novelleuniversa stader for gjensidig tillit, tvert i mot. Kjærleikssviket står sentralt fleire stader, gjerne i asymmetriske forhold der den utnytta slår tilbake. Andre går langt for å få kjærleik: den døyande mannen som ser at kona avskyr kroppen hans, avsluttar livet hjå ei prosituert som kviskrar jeg elsker deg mot eit tillegg i prisen. Den lesbiske boksetrenaren Mina bruker rå muskelkraft for å få sin vilje med den vakre eleven. Eit anna svik står den kleptomane småbarnsmora for, når ho står opp på natta og fiskar pengar ut av sparegrisen til dottera.

Det handlar om folk som slit, frå ulike samfunnslag. Fleire av historiene er temmeleg sjokkerande. Men om ein les dei ein gong til, vil ein sjå at dei har mange sider: relasjonane er samansette og fleirtydige. Kven har makta? Kven svik, og ikkje minst: korleis hamna dei inn i uføret? Novellene er knappe utan å bli kryptiske.

Også det uforsonlige finnesDET UFORSONLIGE
Anne Helene Guddals diktsamling «Også det uforsonlige finnes» vinn denne artikkelens pris for beste tittel. Heller ikkje her er det nokon som let oss tru at det kjem til å gå bra til slutt, og skildringane av tunge sjelstilstandar er uhyggeleg presise. Eg skal ikkje her prøve å forsone det uforsonlege, men det er noko her som gjer ein lesar lykkeleg i det triste, og som må fram:

Det er i omgangen med det språket byr på av grep, frå bokstavklangar til paradoks, og det er i gjenklangen av andre forfattarar. Her er både Paulus, Georg Johannesen, Sigbjørn Obstfelder, Gunvor Hofmo og fleire andre, nokon gonger er avtrykket så svakt at du knapt anar det, andre gonger er det tydeleg, som her: Her er så behagelig – jeg må ha havnet i feil hode.

KVA SKRIV DEBUTANTAR OM?

  • Debutantar har lett for å la forteljaren heite «eg» eller «jeg», anten dei skriv om seg sjølv eller ikkje.
  • Debutantar skriv gjerne om ting dei har opplevd eller ting dei kjenner til; det er sjeldan ei debutbok er prega av grundig research.
  • Debutantar set ofte ting på spissen: litteraturen skal svi.

Og ja, det finst mange døme på noko anna. Dette er likevel tydelege tendensar, og årets tre utvalte føyer seg inn i dette mønsteret.

Yngre forfattarar skriv ofte om kroppen. Då gjerne som noko ein slankar eller piner på andre måtar. Men bildet er meir samansett; yngre forfattarar skriv også ofte om gamle kroppar, om forfall, demens og død. Tekstar om kroppen skal ein ikkje nødvendigvis ta som personlege historier om forfattarkroppen; det kan like gjerne vere ein stad å starte undersøkingar av meir allmenne, eksistensielle spørsmål om liv og tid.

Naturlegvis er kroppsfokuset stort i litteraturen, det ville nesten vore rart om det ikkje var det. To av dei nominerte er i dette landskapet. Årsakene til at kroppen slår så tungt inn i samtidstekstar, er å søkje både på overflata og i djupet og skal ikkje ettersporast her. For her det er tid for siste spørsmål:

KVEN BØR VINNE?
Dei tre er alle gode forfattarar, ikkje berre «lovande», og alle tre kan vinne utan at det er noko ein kan klage på. Ingen soleklar vinnarkandidat, altså.

Min favoritt er likevel novellesamlinga til Maria Kjos Fonn: «Dette har jeg ikke fortalt til noen». Noveller har vist seg å vere eit godt debutantformat, og Fonn greier å skape personar og konstellasjonar med raske riss, og med utviklingsliner som ikkje er gitt i utgangspunktet. På tide med noveller, litterært råd?

    • Les også:

 

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2015/03/20/de-nominerte-til-tarjei-vesaas-debutantpris-2014/feed/ 0