Minkriket – Bokbloggen http://blogg.nrk.no/bok En blogg fra NRK Wed, 14 Sep 2016 08:33:44 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Norden skriv heim http://blogg.nrk.no/bok/2015/10/19/norden-skriv-heim/ http://blogg.nrk.no/bok/2015/10/19/norden-skriv-heim/#respond Mon, 19 Oct 2015 12:19:53 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=5785 Les videre ]]> Kva skriv så nordiske forfattarar om for tida? Bokmeldar Marta Norheim tar for seg dei nominerte romanane til den høgthengande Nordisk råds litteraturpris 2015.

NRKs litteraturkritiker holder frem to av sine tre favoritter blant de nominerte

NRKs bokmeldar Marta Norheim held frem to av sine tre favorittar blant dei nominerte: «Fiskene har ingen føtter» av islandske Jón Kalman Stefánsson og «Terminal» av finske Hannu Raittila. (Foto: NRK/Thomas Espevik)

Nordisk råds litteraturpris er som eit årleg familieselskap med litt fjerne slektningar rundt bordet. Årets selskap kjem ikkje til å gå inn i historia som eitt av dei mest minneverdige, det er litt langt mellom drammane her. Men høgdepunkt finst, og det regelmessige ved samkoma har absolutt sin verdi. Sjølv om det altså går an å lure på utvalet av gjester.

Eit tydeleg trekk er at familien står sentralt, ofte møter vi  fleire generasjonar. I norsk litteratur har vi sett ei vending bort frå den klassiske sjølvbiografiske romanen og over til slektshistorier med og utan sjølvbiografisk kjerne i det siste; det same skjer tydelegvis i heile den nordiske litteraturen.

Andre sprenger seg inn i eller ut av familien. Og så har vi dei som driv med heilt andre ting, det gjeld spesielt for tre av poetane i bunken, som totalt tel fire diktsamlingar og 10 romanar. Eit par av romanane legg eit postkolonialt perspektiv på sjølvforståinga, og dei aller fleste er tydeleg plasserte i eigne land eller landskap. Om ein studerer nokre årgangar av nordisk-råd-nominasjonar, vil innslaget av såkalla «site spesific art» vere påfallande. Greitt nok det, berre ein greier å gje det lokale eit allment preg.

Du gamle mor og døyande far

I tre av romanane blir hovudpersonane spora inn på eigen barndom og eige barndomsland av aldrande foreldre. Dette gjeld for eitt av dei desiderte høgdepunkta i bunken, nemleg «Fiskene har ingen føtter» av islandske Jón Kalman Stefánsson. Etter ei forvirrande brå skilsmisse har hovudpersonen Ari rista Keflaviks mørke lavastøv av føtene og gjort karriere som forleggjar og poet i Danmark. Men når døden er i ferd med å innhente faren, må han reise tilbake til barndomslandet.

Det skal ikkje vere enkelt å kome heim, og for vår mann startar helvete allereie på flyplassen der han får ein gummihanskekledd finger opp i endetarmen etter at personalet har fått inn ei melding om det det kanskje finst narkotika skjult der. Det gjer ikkje saka betre at det er fetteren hans som må utføre undersøkinga, og ja, det er eks-kona som har meldt frå. Men familiedramaet har mange valørar, frå det burleske til det tragiske og poetiske. Størst inntrykk gjer historia om besteforeldra i Nordfjördur, og Aris oppvekst like ved den amerikanske flybasen, der ein av syslane var å hoppe opp på lasteplana på bilane som transporterte eksotiske varer til basen og snause det dei fekk tak i. Sjåførane gav stort sett blaffen, men ikkje alltid:

At dere ikke skammer dere, gutter, dette her er jo rett og slett nedverdigende, har dere ingen stolthet, vet dere ikke hvordan amerikanerne snakker om oss, kaller oss villmenn, eskimoer, snyltere, er dere virkelig så ivrige etter å bekrefte dette for dem, hvordan tror dere jeg føler meg når jeg må kjøre opp på Basen med gapende, oppskårne kasser og se dem riste på hodet, det er rett og slett nedverdigende, at dere ikke har mer stolthet enn som så, hva er det å være islending?

frå Jón Kalman Stefánsson: «Fiskene har ingen føtter»

Ja, sei det. Romanen skildrar på utmerka vis islandsk historie gjennom livet til tre generasjonar. Den namnlause forteljaren er ikkje redd for å kome med synspunkt på livet, havet, fisken, døden og kjærleiken. Romanen toler godt spennet mellom fetterfingeren i rompa og dei store, eksistensielle spørsmåla. Det vil ikkje kome overraskande om det blir heimesiger på Island når prisen skal delast ut i Reykjavik 27. oktober.

Transparente Blanche og

«Transparente Blanche» av finlandssvenske Peter Sandström og «På den anden side er marts» av færøyske Sólrun Michelsen

Finlandssvenske Peter Sandström opnar «Transparente Blanche» med at hovudpersonen må gje avkall på sesongjobben i ein vokdakiosk i Pärnu, Estland: Mor (85) ringjer og seier han må kome heim. Blod er tjukkare enn vodka, og den fattige poeten må dra tilbake til barndommens eplehage. Utan å rapportere sceneskiftet  til kona, som han konsekvent kallar for Skattmästaren.

Mor er ikkje berre eplebonde: I mange år la ho hendene sine på lidande medmenneske, som kjende seg betre etter det. No har ho fått eit oppdrag langt borte. Ho treng hjelp til å kome seg dit, og insisterer på at reisa må skje med den gamle Ford Caprien som ingen har køyrt etter at mannen tok livet av seg då den no vaksne sonen var barn.

Sandström losar hovudpersonen gjennom barndomsminne og omsorg for gamle mor, mens hans eigne barn ringjer og masar om at han må kjøpe ting til dei frå Estland. Forfattaren gir seg god tid med å fortelje historia og kvaliteten her byggjer i stor grad på stemninga, som er vemodig eller kanskje heller melankolsk. Her tankar ved synet av fars veske:

Farväl far. Den värld som var din bestod av element som måste betvingas. Elden skulle tändas och hållas i schack, djuren skulle födas upp, utsädet kastas över den harvade, svarta jorden. (…) Ingen behövde ägna själva livet en onödig tanke, för allt som fanns var just livet, en räcka dagar som var till för att överlevas (…) Långt senare, när mina egna barn var små, kunde vad som hälst hända.

frå Peter Sandström: «Transparente Blanche»

«Transparente Blanche» er vakker og lesverdig, den står på mi topp fem-liste.

Den tredje romanen der gamle foreldre legg føringar, er «På den anden side er marts» av færøyske Sólrun Michelsen. Boka opnar slik:

Jeg er en kvinde i første halvdel av tresserne. Et sted mellem år og dag. Ikke længere karrierekvinde, mor, husmor og elskerinde, som klarer alt det, der forlanges af mig, og resten med venstre hånd.

Nu er jeg kone, mor, bedstemor og min mors mor. Men jeg skal stadig gøre det, der forlanges af mig.

frå «På den anden side er marts» av Sólrun Michelsen

Som hjå Sandström får vi her eit portrett av ei mor som har mange gode sider, noko som forresten er meir sjeldan i bøker av kvinnelege forfattarar enn av mannlege.  Romanen er både ei studie av kvinneliv i ulike fasar, ei skildring av mor som gradvis blir meir dement og ein kritikk av helsevesenet som ikkje er i stand til å yte det som trengst av hjelp til gamle menneske.  Eit sympatisk stykke litteratur som likevel er for språkleg ujamnt til å hevde seg i teten.

Mink, stink

Minriket

«Minkriket» av ålandske Karin Erlandsson. FOTO: Schildts & Söderströms

«Minkriket» er debutromanen til ålandske Karin Erlandsson, og det slår meg at dei små landa og regionane ofte nominerer unge, uetablerte forfattarar til Nordisk råds litteraturpris. Ein på mange måtar sympatisk praksis, for dermed når desse forfattarane ut til ein større lesarskare. Men det har vel knapt skjedd at ein debutant har vunne prisen og det skjer nok ikkje i år heller.

Ikkje for det: «Minkriket» er ein lesverdig roman om minkfarmen som Evert gründar og sonen Lars-Evert utvidar med så stor iver og glød at kona tek seg i å bli sjalu på dei illeluktande og  ikkje særleg imøtekomande pelsdyra. Når dottera deira veks til, er pelsdyrhald blitt eit kontroversielt levebrød. Dei såkalla «Rävflickorna» opnar minkbur om nettene og alt blir annleis enn Lars-Evert hadde drøymt om.

Også i denne romanen står den vanskelege kjærleiken sentralt, både den mellom ektefeller og den mellom generasjonane. At vi her følgjer tett på eit arbeid som forfattaren har stor kunnskap om, er eit klart pluss. Dette er ein roman som stinkar, og angar og luktar. Ein roman der arbeidet set sine spor.

Sommaren då minkarna kom gick Lars-Mikael fram och tillbake mellan lukterna. I köket stod Marianne i sitt forkläde och kokade saft så getingarna flockades kring grytorna. På gårdsplanen stod Evert, omgiven av doften av sågspån och målarfärg. Lars-Mikael fick båda svarta vinbärsflackar och grön målarfärg på sin halare.

frå Karin Erlandsson «Minkriket»

Generasjonshistorier på norsk

«Andvake» av Jon Fosse. FOTO: Samlaget

Jon Fosse stiller i ein eigen kategori. Ikkje for det, trilogien han er nominert for handlar også om familieband, men i stilen og i spennet skil han seg sterkt ut frå dei andre. Dei tre bøkene i trilogien er «Andvake», «Olavs Draumar» og «Kveldsvævd».

Her hevar Fosse seg suverent over konvensjonar; som at ein person skal ha same namnet heile tida, eller at tre generasjonar ikkje kan spreiast ut over kor mange hundreår som helst. I sin karakteristiske, poetiske og repeterande stil fortel han historia om eit par som i alle fall i starten heiter Asle og Alida. Asle er kunstnaren, han er også mordaren som må bøte med livet for sine lovbrot og Alida blir aleine med barnet deira. Men skiljet mellom liv og død er ikkje absolutt hjå Fosse. Dei døde kan dukke opp att, dei levande kan drøyme seg inn i andre eksistensar og jordelivet har noko uverkeleg over seg det også. Som her, etter at Asle er hengd:

…og no, no  går det bra med henne, seier Asle, og ho seier at no har ho lagt seg og ho skal sova, og ho har tak over hovudet, og varmt er det her, så alt er bra både med henne og med vesle Sigvald, seier ho, han treng ikkje å uroa seg, alt er vel, alt er så bra det vel kan vera, seier Alida og så seier Asle at no må ho sova så godt og Alida seier at dei snakkast i morgon…

frå Jon Fosse: «Andvake», «Olavs draumar», «Kveldsvævd»

Fosses tekstar opnar store tolkingsrom, spelar inn andre litterære tekstar og førestillingar og skaper eit eige univers der det arkaiske og det moderne glir over i kvarandre.

For dei som er villige til å bli dregne inn i dette underlege tekstuniverset, vil Fosse vere ein opplagt vinnarkandidat. Men han har vore nominert før utan å nå opp, og han kan nok vere ein slik forfattar som deler juryar i to leirar.

Romanen «Bare et menneske» av Kristine Næss er den andre norske nominasjonen denne gongen. Romanen opnar med at ei jente er blitt borte, og forfattaren Bea Britt oppdagar at leitemannskapar rotar rundt i hagen hennar.

Vi leter etter en person.                                                                                  Han som snakket var på min alder, håret var grått ved tinningene og klippet tett inntil hodet, han hadde briller, akademikertype, tenkte jeg, men åpenbart handlekraftig. En lang og solid kropp, rask og bevegelig. Det rørte seg noe i brystet mitt, før jeg kom på at alt sånt var for sent, menn, sex og den slags. Jeg hadde brukt min erotiske glansperiode på personer med alvorlige feil og mangler. Med sviktende selvfølelse som hos meg selv, jeg visste det godt.

frå Kristine Næss: «Bare et menneske»

kristine næss

«Bare et menneske» av Kristine Næss. FOTO: Oktober forlag

Dermed er vi inne i Bea Britts liv, som blir skildra vekselvis med bestemoras liv i same villaen. Bestemor var økonomisk avhengig av mannen sin som ho forakta, mens Bea Britt får pengar av far sin. Eit tredje kvinne er den unge Beate. Gjennom desse tre utforskar Næss relasjonar og livsprosjekt.

Det handlar om menn, og om begjær, både det kroppslege og begjæret etter å få til det ein drøymer om, det handlar om kampen mot eit indre mørker og rett og slett om kva det inneber å vere menneske. Eller «Bare et menneske», som tittelen lyder. Og så er det denne jenta som er borte. Det er ikkje lite. Det er heller i meste laget. Trass i fine passasjar, ikkje minst i historiene til Bea Britt og bestemora, spreier romanen seg over såpass mykje at han avsporar seg sjølv.

Fire poetar

Thorsteinn frá Hamri er ein islandsk veteran som er nominert til Nordisk råds litteraturpris for femte gongen med diktsamlinga «Jättegrytor». I presentasjonen av denne diktsamlinga på Nordisk råds nettsider står det om typisk islandsk allitterasjon, kjende troper og hint til eigne dikt. Slikt er vanskeleg å løfte over i ei omsetjing, same kor god omsetjaren er. For meg framstår dette som solid og traust dikting om språket, om poesien, om naturen og om det dødelege mennesket.

Vinterkvällarna,/var det kvällar eller sägner?/Moln och snöstormar, var det/moln och snöstormar/eller människors mörka öden?

frå Thorsteinn frá Hamri: «Jättegrytor»

Den samiske poeten Niilas Holmberg er 25 år og blant dei yngste av dei nominerte, men han har allereie både ei bok, ei plate og skodespelardebut bak seg. I diktsamlinga «Så den fremmede ikke blir mer fremmed» går han  inn i den klassiske spenninga mellom det å vere menneske og kunstnar i den globale samanhengen og det å utforske og utvikle ein samisk identitet. Hovudpersonen i denne femdelte diktsamlinga ber namnet Niilas, og når mot slutten fram til ei erkjenning av at det er dette spennet han må leve i.

Kan vi ikke leve i en sirkel/med kunnskap om at vi ikke er alene/kan vi ikke kalle dem våre venner/de som blir oppglødde av vårt mangfold/og de som ikke ennå kjenner oss/eller har gitt oss opp å kjenne/kan vi ikke trå inn i lyset for deres skyld

frå Niilas Holmberg: «Så den fremmede ikke blir mer fremmed»

Eit sympatisk prosjekt som grensar mot det litt for tydelege.

Poeten Bruno K. Öjer poserer som ein svensk Bob Dylan på siste side i boka «Och natten viskade Annabel Lee». Ja, tittelen er eit lån får Edgar Allan Poe. Den omvandrande poeten som gir til beste små portrett og scener frå ulike stader av verda har heilt klart ein affinitet til den amerikanske lyrikken. Dikta er samfunnskritiske, lengtande, bitre, sinte og vemodige med tanke på døden som hentar inn stadig fleire av dei han kjenner. Her finst strålande passasjar side om side med banalitetar og klisjear. Av og til nærmar han seg aforismen:

Dom få som rört vid nyckeln/til livets och dödens mysterium/har kramat den så hårdt/at den runnit/som sand mellan deras fingrar

frå Bruno K. Öjer: «Och natten viskade Annabel Lee»

Det finst passasjar der han sjølv nærmar seg ein posisjon der han i grunnen har sett og gjennomskoda det meste. Det er ikkje dei beste dikta, for å seie det slik.

Den mest interessante diktsamlinga denne gongen er «Avuncular. Onkelagtige tekster», som er skriven av danske Pia Juul. Forfattaren sirklar inn det onkelaktige gjennom å karkakterisere menn som kanskje er eigne onklar, men også andre onkeltypar som onkel Tom, Arve-onkel og onkel Donald (eller Anders som disneyanda heiter på dansk). Det onkelaktige er noko bra som er der, men som likevel er forgjengeleg. Mot slutten er samlingas eg-person sjølv onkelen som ser dei unge i slekta.

Det forgjengelege og døden står elles fram som det tydelegaste trekket ved desse tekstane, som har eit drag av melankoli. Men Juul har ei leiken tilnærming, her er humor, her er referansar til ikkje spesielt onkelaktige figurar som Frank Sinatra, Job, Lasarus og Sisyfos, her er sitat frå så vel leksikon som Kingo-salmar. Sjølv er ho heilt uvanleg sitatvenleg:

Jeg kom ind i denne historie ligesom Pontius Pilatus kom/ind i trosbekendelsen. Jeg var der bare. Det kunde godt ha været/ en anden.

Eller kva med denne trøysten på ein mørk og einsam dag:

En røst/ protesterer/ du har dog/en opvask, og det er sant./Her har været nogen.

frå Pia Juul: «Avuncular. Onkelagtige tekster»

Finske Hannu Raittilas roman «Terminal» har det intertekstuelle og det familiære felles med Avuncular, men forskjellane er meir påfallande: Her er vi i Den store romanen i alle tydingar av ordet. Dette er ein sterk vinnarkandidat, det er slike bøker som gjer at eg heiar på Nordisk råds litteraturpris som peikar på slike bøker frå grannelanda, bøker ein elles truleg ville gått glipp av.

Paula Lampen og venninna Sara bruker mykje av fritida til å henge på flyplassen der dei bur. 9. september 2011 er dei sjølve på flytur. Etter at flya krasja inn i Twin towers blir flyet dei sit i omdirigert til Halifax, Kanada.  Dette blir starten på eit omflakkande og eventyrleg liv. Her er dagboka til Paula (som kallar seg Laura, men det er ei lang historie):

Snart har vi varit två dygn i Halifax och vi har lyckats skaffa jobb här! Här är otroligt rörigt och det lyckades, när jag ljög och sa att vi är utbildade inom Finnairs program för markpersonal och programmet är godkänt av Luftfartsstyrelsen. De frågade efter «personal card» och jag sa att come on, vi är på semester! Personalchefen sa «yep» och annställde oss. (…) Allt det här är så otroligt cool.

frå Hannu Raittila «Terminal»

Paulas/Lauras far, Johan, er grensevaktoffiser med hemmelege oppdrag som har med Syria og med internasjonal terrorisme å gjere. Han får sine kapittel, mor Pirjo som er TV-produsent får sine.

Her går familiedramaet, storpolitikken, flyteknologien og endåtil geologien opp i ei høgare eining. Absurditetar, utrulege samanfall og kostelege personportrett gjer boka til noko for seg sjølv. Kort sagt: «Terminal» er ein kunnskapsmetta, velskriven og spennande roman om ei verd og eit liv i stadig endring.

Skeive grønlandske sjokk og svenske trekantar

homo sapienne

«Den andra kvinnan» av svenske Therese Bohman og «Homo Sapienne» av grønlandske Niviaq Korneliussen

Familien i «Terminal» var strengt tatt sprengt frå starten av; foreldra skilte seg då Paula var spedbarn og Johan forsvann då brått ut av livet til dottera. Eit par andre romanar sprenger kvar på sitt vis familierammene. Den mest forbløffande er «Homo Sapienne» av grønlandske Niviaq Korneliussen. Ein homse-lesbe-bifil-transeroman frå Nuuk er ikkje kvardagskost!

Vanlegvis er bidraget frå Grønland ei diktsamling som prisar den vakre og karrige naturen, sørgjer over den tapte kulturen og kritiserer forfallet under dansk herredøme. Niviaq køyrer ein annan tone:

Hold op med den selvmedlidenhed, for det er ikke synd for dig. Enough of that post-colonial piece of shit. Det er din egen skyld at du fortryder dine handlinger, efter at have svigtet min tillid.

frå Niviaq Korneliussen: «Homo Sapienne»

Korneliussen som er debutant fødd i 1990, blandar inn engelsk i daglegtalen, siterer frå engelske låtar og let store deler av teksten vere spørjeskjema, e-postar og sms-dialogar. Historia er ei heseblesande og spritmarinert jakt på seg sjølv, utført med stor intensitet av ein gjeng unge som både har den grønlandske og den seksuelle identiteten å finne ut av. Begge deler er knytt til skam. Det grønlandske er mest komplisert.

Vores land, du som er blevet ældgammelt, gå til fjellet og kom aldrig tilbage. Hold op med at være så skide højtidelig, og ta dine rådne børn med dig.

/Greenlander by force»

frå Niviaq Korneliussen: «Homo sapienne»

Den andre romanen som sprenger familierammene er «Den andra kvinnan» av svenske Therese Bohman. Ei ung kvinne med forfattarambisjonar tener til livsopphaldet i kantina på eit sjukehus og forelskar seg i ein av legane. Det heile snører seg til når ho utfordrar legen til å velje mellom kona og henne. Den unge forfattarspiren slår hardt både mot det ho oppfattar som snusfornuftig, grå feminisme og mot klasseforholda som gjer at kampen mellom henne og legen er rått parti. Her har legen Carl innkalt henne på kontoret sitt, i arbeidstida:

Carl drar ut skrivbordsstolen, sätter sig. Han nickar åt mig att sätta mig på britsen, så det gör jag. Pappret prasslar och skrynklar sig runt mig, det är strävt. Carl harklar sig.

-Vad bra att du kunde komma, säger han. Han låter förmell.
-Ja, jag kan inte…börjar jag, han avbryter mig.
-Du kan väl knäppa upp, säger han.
-Va?
-Blusen. Du kan väl knäppa upp blusen.

frå Therese Bohman: «Den andra kvinnan»

Som tenkar er hovudpersonen litt ungjentenaiv og ikkje veldig interessant. Men kollisjonen mellom draumar og erfaringar skaper tidvis interessante situasjonar.

Å miste retninga

Større vinnarsjansar har heilt klart danske Helle Helle, med romanen «Hvis du vil».

"Hvis du vil" av danske Helle Helle. FOTO: Oktober forlag

«Hvis du vil» av danske Helle Helle. FOTO: Oktober forlag

Helles romanar har eit tydeleg særdrag: Ho skildrar ganske alminnelege, små menneske som ofte ber på ein stor uro eller lengt etter noko dei ikkje veit heilt kva er. I løpet av dei vanlegvis ganske knappe romanane følgjer vi dei eit stykke på vegen, men sjeldan til eit endepunkt der dei har nådd fram til eit anna liv eller til nye innsikter.

Denne gongen handlar det om to joggarar som kvar frå sin kant har rota seg bort i ein skog. Dei slår seg saman og prøver å finne vegen ut. Ein tydeleg metafor, så klart, som blir ytterlegare tydeleggjort allereie på første side:

Jeg skal gjøre det kort, jeg vet ikke hva jeg skal. Jeg har gått meg vill i den store skogen. Jeg vet ikke så mye om skoger, jeg er ikke naturens muntre sønn. Det sa de andre i forgårs over kaffen. Men her er jeg under de jyske kjempene, i såkalte joggesko.

frå Helle Helle: «Hvis du vil»

Her kling ei av verdshistorias mest berømte formuleringar heilt uanstrengt med i teksten, nemleg starten på Den guddomlege komedien av Dante. Våre små menneske er i nøyaktig same knipe som Dante før han møter sine vegleiarar. Det er ein nøktern og sober tekst med stor omsorg for detaljen, ei vemodig historie ikkje utan komikk om to som har større orienteringsproblem enn det å kome seg ut av denne skogen.

Dei aller beste

Eg opna med å påstå at det var langt mellom drammane i årets nordiske litteraturselskap. Då Morgenbladet presenterte alle bøkene i nr. 30, 2015, skjedde det under tittelen «Nordisk gjesp». Den formuleringa er likevel for negativt generaliserande. Ein god tredel av bunken er framifrå, eg tenkjer då på «Fiskene har ingen føtter», «Transparente blanche», «Hvis du vil», «Terminal» og Fosses trilogi.

Eit par andre, som «Avuncular» og «Homo sapienne», ja, «Minkriket» også,  er spennande å lese, sjølv om dei neppe har sjansen til å vinne prisen. Då er vi oppe i halvparten. Det går likevel an å spørje om dei nasjonale komiteane blir freista til å sende av garde bøker av vel fortente forfattarar eller bøker som har «nordisk-råd»-kvalitetar. Av og til framstår utvalet som temmeleg gåtefullt og til tider i retning «trygge val».  Komiteane kunne gjerne ta det meir ut i svingane.

Likevel har dette årlege utvalet av nordisk litteratur ein verdi, uavhengig av om utvalet til tider kan verke merkeleg. Det går an å sjå det som eit litterært mikrokosmos, eit uttrykk for kva som skjer. Den nordiske litteraturen viser sterk interesse for slektsband som gjerne er skjøre, men likevel relevante og dels styrande for personane. Det samfunnsmessige perspektivet er ofte underforstått, men i somme romanar får det spele ei sentral rolle.

Det gjeld ikkje minst for «Terminal» og «Fiskene har ingen føtter». Mange let fleire stemmer kome til orde i teksten, eller dei opnar opp gjennom å flette inn sitat av andre tekster.

Fleire bøker har ein forfattar som ein av personane. Alle diktsamlingane tematiserer i varierande grad skrift og skriving. Der er vi framleis, eg skal ikkje seie meir om det.  I generasjonsromanane kjem vi tett og detaljrikt på ulike tidsepokar. Og bakom syng tida som går og døden som kjem. Denne songen har ofte eit humoristisk drag.

Tysdag 27. oktober får vi vite kven som vinn prisen.

Om eg må tippe på ein vinnar? Trass i at finske Kjell Westö vann prisen i fjor, vil eg likevel halde ein knapp på Hannu Raittilas roman «Terminal». Den romanen har rett og slett alt.

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2015/10/19/norden-skriv-heim/feed/ 0