Milan Kundera – Bokbloggen http://blogg.nrk.no/bok En blogg fra NRK Wed, 14 Sep 2016 08:33:44 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Kva skal vi med norsk litteratur? http://blogg.nrk.no/bok/2014/05/19/kva-skal-vi-med-norsk-litteratur/ http://blogg.nrk.no/bok/2014/05/19/kva-skal-vi-med-norsk-litteratur/#respond Mon, 19 May 2014 10:00:43 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=5391 Les videre ]]> Norske forfattarar skriv stort sett om det same som forfattarar frå andre vestlege land. Så kva skal vi med norsk litteratur?

Den tsjekkiske forfattaren Milan Kundera har grubla mykje over kva nasjonal litteratur er for noko. Ikkje så rart, kanskje, ettersom han skifta både fedreland og språk for snart førti år sidan, då han flytta til Paris. (Scanpix/AFP PHOTO)

Den tsjekkiske forfattaren Milan Kundera har grubla mykje over kva nasjonal litteratur er for noko. Ikkje så rart, kanskje, ettersom han skifta både fedreland og språk for snart førti år sidan, då han flytta til Paris. (Scanpix/AFP PHOTO)



(Også publisert på Ytring 19. mai.)

Det heftar nokon paradoks ved snakket om norsk litteratur:
På den eine sida er vi del av eit større heile: vi er verdsborgarar og ikkje minst europearar og vestleg litteratur handlar i vår tid om identitetsspørsmål; om den utsette identiteten om den sårbare kroppen og døden som lurer på hovudpersonane viss det ikkje er hovudpersonane som lurer på døden.

lik ser det ut no, i tidlegare epokar har det vore andre ting, på 1800-talet var det ekteskapet med og utan tvang til dømes, men altså, vi skriv stort sett om dei same greiene som dei andre.

Næringspolitikk?
På den andre sida er vi svært opptekne av at vi må ha vår eigen litteratur og den må skrivast på norsk, eller i alle fall av folk som bur her, på vår vesle plass på jorda. Kvifor det? Viss det ikkje berre er rein næringspolitikk, der våre forfattarar også skal ha sysselsetjing, så må det vere noko ved den norske litteraturen som gjer det bryet verdt å halde oss med forfattarar i den grad vi faktisk gjer.

Komler får du på tallerkenen kvar du reiser i heile sentraleuropa, dei delikaterer seg med smalehovud i Skottland og den norske nasjonalretten fårikål står på menyen i Iran.

Ostehøvelfella
Lat meg starte i ein annan ende, i den evige, eller i alle fall 200 år lange diskusjonen om kva som er norsk: Ein skal ikkje grave lenge før ein oppdagar at det norske flagget inspirert herifrå og derifrå, for ikkje å snakke om grunnlova og viss du sjekkar hardingfela så har prinsippet med understrengar opphav i Tyrkia og kanskje endå lenger aust. Komler får du på tallerkenen kvar du reiser i heile sentraleuropa, dei delikaterer seg med smalehovud i Skottland og den norske nasjonalretten fårikål står på menyen i Iran. Og slik kan vi drive på, heilt til det berre bindersen og ostehøvelen att som er heilnorsk – og nyare forsking viser at til og med ostehøvelen ligg tynt an.

Det er så lite som skil oss frå dei andre at det på mange måtar er latterleg å snakke om det, men, vi snakkar ganske mykje om det likevel.

Kva er det med «våre» forfattarar?
Den tsjekkiske forfattaren Milan Kundera har grubla mykje over kva nasjonal litteratur er for noko. Ikkje så rart, kanskje, ettersom han skifta både fedreland og språk for snart førti år sidan, då han flytta til Paris. Han køyrer eit konsekvent europeisk perspektiv, og insisterer på at det er eit uoppretteleg intellektuelt nederlag at vi ikkje for lengst har gått over til å snakke om europeisk litteratur, og til å skrive europeiske litteraturhistorier i staden for å gje kvart land sitt eige kapittel. Forfattarane er internasjonale, dei inspirerer kvarandre over landegrensene, mens nasjonalstatane blir aldri leie av å snakke om «våre» forfattarar.

Kundera forklarer denne insisteringa på nasjonale litteraturar med provinsialisme. Denne deler han opp i to kategoriar, det er store lands og små lands provinsialisme.

Store og små lands provinsialisme
Dei store landa, seier Kundera, trur at deira eigen litteratur er så rik at dei ikkje treng å bry seg særleg med kva som blir skrive i andre land.

Så har du små lands provinsialisme. Den ytrar seg annleis, men resultatet vert det same: Små land føler at dei har ein litt usikker posisjon, og arbeider for å syne at dei greier å bringe fram kunst som ikkje står tilbake for det som vert skapt i store nasjonar. Det blir ei moralsk, ja eksistensiell oppgåve for små nasjonar heile tida å vise fram prestasjonane sine, for å minne seg sjølve og verda om at dei finst. Kjære landsmenn, dette er vår klubb. What do you think about Ibsen, Undset, Knausgård? What do you think about Norway?

Utanlandske lesarar er alltid best
Og Kundera går lenger, han meiner at utanlandske lesarar er betre enn dei som kjem frå same land som forfattaren. Landsmennene hektar seg opp i lokale forhold, spesifikke ting ein kan kjenne att. Det er berre utlendingar som kan sjå kva som er stort i ei bok, for dei vil ikkje bli avspora av den fryden det er å finne sine eigne greier mellom to permar, det siste er litt som den lett absurde gleda ein kjenner når ein plutseleg ser sitt eige hus på TV. Eit kick for deg, men dei som ikkje kjenner nabolaget vil kunne konsentrere seg om sjølve programmet og vurdere om det var bra.

Er det ikkje mykje betre å snakke om verdslitteratur eller i alle fall europeisk litteratur for ikkje å gape over for mykje?

Tilbake til klubben
Så: tilbake til start: Kva skal ein med nasjonale litteraturar? Er det ikkje mykje betre å snakke om verdslitteratur eller i alle fall europeisk litteratur for ikkje å gape over for mykje? Milan Kundera har mange synsmåtar det er vel verdt å tenkje gjennom. Men som aktivt og ivrig medlem i klubben for små lands provinsialisme har eg nokre innvendigar. Dei er få, men tungtvegande:
Som det å lese litteratur på sitt eige språk, og ikkje i omsetjing. Ikkje eit vondt ord om omsett litteratur, han er heilt nødvendig. Men originalspråk er originalspråk, og morsmål er morsmål. Sjølv om mange med Kundera har meldt overgang i løpet av livet har dei fleste av oss eit spesielt intimt forhold til språket vi vaks opp med og inn i.

Sjølv om alt vi har liknar på noko mange har, så finst det ein eigen miks som verken treng å vere betre eller verre enn andres, men som er vår.

Gleda ved det lokale
Og så er det dette med gleda ved det lokale, som jo er ei uhyre innfløkt sak. Men det handlar jo ikkje om å kjenne att heilt konkrete ting, som hus eller ostehøvlar for den del, iallefall ikkje berre.

Det handlar om eit heilt nett av referansar til historia, til eldre tekstar, til normer, til ting som er sagt og gjort: vikingtid, dansketid, pietisme, 1814, 1945, Gerhardsenepoken, idealet om det enkle og det egalitære som no krasjar mot oljeskapt nyrikdom, sidemålet, nistepakka, russebussar, er det typisk norsk å vere god, eller er et typisk norsk å tru at ein er god og kva med jantelova? Kva assosiasjonar set Holmenkollåsen, Toten eller Vesterålen i gang? Kva er forskjellen på 17. mai og 18. mai? Sjølv om alt vi har liknar på noko mange har, så finst det ein eigen miks som verken treng å vere betre eller verre enn andres, men som er vår. Norske forfattarar treng ikkje skrive om Noreg for å vere norske, ofte kan det det nære vere ting verken forfattarar eller lesarar er klar over.

Lokalt og overskridande
At gode bøker kan overskride det lokale og vere interessante for folk frå andre land er heilt glimrande. At forfattarar blir inspirert på tvers av landegrenser likeeins. Men Kunderas estetiske kvalitet kan lett bli litt abstrakt. Eg trur det må gå an å vere provinsiell og europeisk og verdsborgar på same tid, sjølv om det ikkje enno finst eit eige ord for denne tilstanden.

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2014/05/19/kva-skal-vi-med-norsk-litteratur/feed/ 0