Debut – Bokbloggen http://blogg.nrk.no/bok En blogg fra NRK Wed, 14 Sep 2016 08:33:44 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Bokhaust no igjen? http://blogg.nrk.no/bok/2013/09/17/bokhaust-no-igjen/ http://blogg.nrk.no/bok/2013/09/17/bokhaust-no-igjen/#respond Tue, 17 Sep 2013 11:52:35 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=4406 Les videre ]]> – Eller enkle måtar å nærme seg den nye litteraturen på, tenker litteraturkritiker i NRK, Marta Norheim.

Litteraturkritikar i NRK, Marta Norheim, kjenner seg kvart år overvelda av bokhausten. (Foto: Hilde Bruvik)

Mens naturen visnar og døyr om hausten, er det stikk motsett i kulturen: der sprett det fram nye blad kvar einaste dag. Kort sagt: den lett absurde bokhausten er her. Og kva kan vi gjere med det?

For oss som jobbar med samtidslitteraturen er hausten ein einaste lang julaften, der det rausar inn harde pakker kvar einaste dag. Forfattarane har site kvar for seg på skriveromma sine og arbeidd, kanskje i mange år, dei slit og strevar med å få det slik dei vil, etterkvart har teksten gått fram og tilbake mellom forfattaren og forlaget, kanskje i årevis, men så endeleg ein vakker dag skal boka ut til folket, og då hastar det plutseleg veldig, for denne vakre dagen bør aller helst vere i september eller oktober. Det er dette som heiter Bokhaust, noko som slett ikkje er eit naturfenomen, denne spesielle typen haust finst rett og slett fordi vi feirar jul midt på vinteren.

Kunsten å partere ein elefant

Sagt på ein annan måte: min arbeidspult er nett no fylt av haugar, stablar, bunker og tårn av bøker som ber om å bli bladd i, snust på, lese med innleving og på eigne premissar, for deretter, når tida er mogen, bli vurdert og analysert. For å handtere slike volum må ein lage eit system, ein må partere elefanten, som det heiter, enklaste måten er jo å leite etter bøker av etablerte velkjende forfattarar, men i går lirka eg i staden fram ein pen liten haug med bøker skrivne av debutantar.

Fascinasjonen ved debutboka

Det er mykje bra med debutbøker. Du anar ikkje kva du kan vente deg. Kanskje du sit med første boka til den nye publikumsyndlingen. Eller kanskje boka du har i hendene er skriven av den forfattaren som skal dominere dei neste tiåra, som skal definere vår tid, revolusjonere estetikken og gje oss heilt nye måtar å sjå verda på.  Kanskje allereie denne første boka blir ei bok alle vil lese. OK, det er ikkje sannsynleg, men det kan vere slik. Av og til er det slik. Men vanlegvis ikkje. Dei fleste norske forfattarar opnar litt forsiktig.

Den langsomme starten

Lars Saabye Christensen i 1984. (Foto: NRK)

Ikkje alle forstod då dei las «Historien om Gly» i 1976 at den unge forfattaren skulle skrive ein generasjonsroman som «Beatles» åtte år og åtte bøker seinare, eller at ho som debuterte med «Vingeslag» i 1976 hadde potensiale både til ein Tora-trilogi og ein Dina-trilogi, eller at han som skreiv den spinkle diktsamlinga «Valfart» skulle levere kraftfulle historier om industriarbeidarklassens vekst og fall i romanar som

«Dalen Portland» og «Grand Manila». For no å dra fram Lars Saabye Christensen, Herbjørg Wassmo og Kjartan Fløgstad, tre norske forfattarar som har vunne Nordisk råds litteraturpris.

Bråstarten

I dette perspektivet er det litt urovekkjande å ta inn over seg meldingar frå den store angloamerikanske verda om at det no er sjeldan at ein forfattarspire får starte i det små med ei bok eller tre som er heilt ok, og som gjev forfattaren trening og erfaring men som ikkje rokkar ved kanon eller gjev sensasjonsoppslag i media eller enorme salsinntekter for forlaget.

I stadig sterkare grad handlar det om anten å slå gjennom med debutboka – eller å skaffe seg noko anna å gjere. Vinn eller forsvinn. Derfor får ein frå den kanten enormt tjukke romanar der alt er med, debutantane som køyrer med det dei har og meir til. Det er mange ulemper med dette, men dei får liggje for eg sit her med mi eiga vesle bunke med norske debutbøker, dei er alle relativt tynne og utkomne i 2013 av forfattarar som er fødd mellom 1986 og 1994, ifølgje teksten på smussomslaga. Ingen vaskeseddel som lovar at eg aldri blir den same etter å ha lese nett denne boka. Ingen historier om bokas unike forhistorie og mirakuløse fødsel. Endå godt.

På første side

Då er tida inne for å opne bøkene, bla opp på første tekstside og undersøkje korleis dei nye forfattarane har valt å starte, ikkje berre i denne boka, men heile forfattarskapen.

Den einaste novellisten i bunken, Roskva Koritzinsky satsar på denne her:

«Jeg våkner og er fylt med jord igjen. Svart jord, vevd sammen av en mengde buktende liv; røtter og insekter pløyer seg gjennom tarmenes mørke.»
(Roskva Koritzinsky: «Her inne et sted»)

Agathe Øksnedahl Kaupangs person vaknar på ein vanlegare plass:

«Jeg våkner av at Emilie rister i skulderen min. Det er en stund siden vi flyttet senga hennes inn til meg. Rommet har skråtak, det er så vidt plass til den. Mellom sengene har vi lirket inn et nattbord, som flyter over av gamle blader, bølgete av fukt, lekseark, leppepomader, et par tomme vannglass.»
(Agate Øksendal Kaupang: «Å holde pusten»)

Også Eline Lund Fjæren satsar på det kvardagslege og, for mange, gjenkjennelege:

«Jeg fører hånden ned i sekken, oppdager at jeg har glemt lesebrillene mine hos deg. Trolig la jeg dem fra meg på vasken i går kveld, ved siden av det skitne tannbørsteglasset og såpestykket som alltid faller ned fra kanten.»(Eline Lund Fjæren: «Ung jente, voksen mann»)

Les også: Bokdebut om forhold med mindreårig

Mari Stokke-Bakken som debuterte i vår men like fullt i 2013, opnar med ein utescene:

«Jeg står halvsvimmel i skumringen, ved et middels stort fjellvann, det er ikke et menneske i nærheten. Jeg trekker inn den friske alpeluften, den er kald og uvant, den stikker i luftrøret og lungene.»
(Mari Stokke-Bakken: «Nesten for alvorlig»)

Til slutt Gine Cornelia Pedersen, også vårdebutant. Ho startar i barndommen:

«Jeg er 10 år
Jeg absorberer alt uten filter
Jeg tror at Gud hører når jeg ber

Jeg har sett tre døde kropper, to gamle og en ung»

(Gine Cornelia Pedersen: «Null»)

And the winner is…

OK, eg har mine idear om kven som kjem best ut av dette, men skal ikkje gje meg til å rangere på så spinkelt grunnlag, ein tullar ikkje med debutantar. Men det er ein annan ting eg gjerne vil snakke om. Kanskje du óg la merke til det? Alle desse fem valte å opne debutboka si med same ordet, og det er attpåtil eitt av dei mest kompliserte orda i språket ikkje berre på norsk, men i alle språk, eit ord som endrar meining etter kven som uttaler det, eit ord som får lesarar til å lure på mange ting, ikkje minst kjem dei til å lure på kva som er forholdet mellom boka og forfattaren, mellom kunsten og livet, så og seie. Ordet var «jeg».

Men kven er «jeg»?

Det finst ein fordom om at debutantar skriv si eiga historie, det er liksom ein grei plass å starte. Det finst også ein fordom om at kvinner skriv om seg sjølv i større grad enn menn gjer det. Så når desse fem, som alle er kvinner, vel å starte med eit «jeg», er dei anten suverene, eller suverent uvitande om desse fordommane, eller kanskje dei rett og slett skriv om seg sjølv, mange gjer jo det for tida og det er verd ein eigen kommentar, men interessant er dette valet i alle fall, og eg håpar dei er klar for å svare på spørsmålet om kva verdas mest kompliserte ord betyr der det no -og for alltid- står som første ord i forfattarskapen deira.

Og kven var Martha?

Og dersom dei blir lei av å skulle forklare at sjølv om dei skriv «jeg» så er det ikkje seg sjølv dei skriv om, i alle fall ikkje fullt ut, det var mest eit litterært grep, eit triks for å kome nær lesaren eller nær forteljaren, når dei blir lei av å forklare alt det, så kan dei jo trøyste seg med å tenkje på ein annan debutant, som opna romanen sin slik:

«Jeg har vært min mann utro.-                                                                                              -Jeg skriver det ned og stirrer på de ord – de er alle mine tanker.»

Den romanen handla i alle fall ikkje om forfattaren sjølv, i alle fall ikkje i bokstavleg forstand, for då Sigrid Undset debuterte med «Fru Martha Oulie»  i 1907, var ho ugift, ho hadde ikkje eingong møtt mannen sin. Kva kan vi lære av dette? Jo, at «jeg» kan bety mange forskjellige ting både i livet og i litteraturen, og at det går an å skrive seg inn i kanon med eit forfattarskap som startar med dette ordet. Og dessutan at det kan vere vel verdt å sjekke kva debutantane driv med, det er der framtida finst. God bokhaust!

Les også: Debuterer med bok om tenåringssoldater

Les også: Forbudt bok ble bestselger

Les også: Debutromanen ble til i en usann dagbok

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2013/09/17/bokhaust-no-igjen/feed/ 0
Diktdebut: Statuevelterne http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/26/diktdebut-statuevelterne/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/26/diktdebut-statuevelterne/#respond Wed, 26 Sep 2012 11:57:52 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2337 Les videre ]]>

Australia

OVERMALINGEN av Banksys piece Rotte i fallskjerm var ikke
renselagets feil, ettersom renselaget hadde mandat fra byrådet til å
male over alle ikkegodkjente vegger armygrå. Parachuting Rat is a purple
rat with aviator glasses, 2003-2010
.

Av Jo Torkjel Fenne

Hver uke i september velger vi ut dikt blant denne høstens lyrikkdebutanter. Har du lest det lille Darth Vader-diktet til Anja Høvik Strømsted? Et dikt om å være sulten av Morten Langeland? Eller en liten fortelling om å kjenne på arr av Marianne Clementine? Kaisa Aglens om kjærlighet som flyr? Om å se på noen som ligger i mosen, ordsatt av Christian Aske Myrhaug? Om naboen som pleide å selge fantasier, av Leif Høghaug?

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/26/diktdebut-statuevelterne/feed/ 0
Diktdebut: Fama http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/25/diktdebut-fama/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/25/diktdebut-fama/#comments Tue, 25 Sep 2012 09:57:08 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2328 Les videre ]]>

NABOEN SOLGTE FANTASIER
til halv pris. Men gav opp
forretningen tidlig en morgen
tidlig i november. Hvorfor
vet jeg ikke. Jeg, en trofast kunde
osv. Til halv pris. Du verden.
Naboen imponerte meg stadig

i løpet av disse årene. Hvor mange
fantasier naboen skaffet meg,
vet jeg ikke. Vet ikke hvorfor
naboen gav opp forretningen tidlig
en morgen tidlig i november.
Julesalget sto for døren. Det
måtte da gå an å holde ut litt lenger.

Av Leif Høghaug

Hver uke i september velger vi ut dikt fra denne høstens lyrikkdebutanter. Si gjerne hva du tenker om dette og følg med på #diktdebut på Twitter. Har du lest det lille Darth Vader-diktet til Anja Høvik Strømsted? Et dikt om å være sulten av Morten Langeland? Eller en liten fortelling om å kjenne på arr av Marianne Clementine? Kaisa Aglens om kjærlighet som flyr? Om å se på noen som ligger i mosen, ordsatt av Christian Aske Myrhaug?

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/25/diktdebut-fama/feed/ 1
Diktdebut: Være lik http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/19/diktdebut-v%c3%a6re-lik/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/19/diktdebut-v%c3%a6re-lik/#comments Wed, 19 Sep 2012 10:11:12 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2302 Les videre ]]>

Du ligger på ryggen i mose og hvitveis. Håret
bakoverfra pannen. Øyenlokket kan være en som-
erfugl. Øyenvippene og glipen imellom, et tusen-
bein? Pusten går. Jeg visste ikke at du var dronning-
høvding mens du sov. Spindelvev blafrer mellom
leppene. Støvet hviler på deg. Et blaff. Et puff.

Av Christian Aske Myrhaug

Hver uke i september velger vi ut dikt fra denne høstens lyrikkdebutanter. Si gjerne hva du tenker om dette og følg med på #diktdebut på Twitter. Har du lest det lille Darth Vader-diktet til Anja Høvik Strømsted? Et dikt om å være sulten av Morten Langeland? Eller en liten fortelling om å kjenne på arr av Marianne Clementine? Kaisa Aglens om kjærlighet som flyr?

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/19/diktdebut-v%c3%a6re-lik/feed/ 1
Diktdebut: Kvar i kroppen sit ingenting http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/14/diktdebut-kvar-i-kroppen-sit-ingenting/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/14/diktdebut-kvar-i-kroppen-sit-ingenting/#comments Fri, 14 Sep 2012 13:12:33 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2248 Les videre ]]>

håret hans , fell som veggen , tunge forheng , og nasa
kvass , svartglansa fugleauge

over skuldra ; det er her vi skal lette , den beste av alle
moglege

vekk , det finst linjer i landskapet , lys og nyansar av grå
bølger

Av Kaisa Aglen

Hver uke i september velger vi ut dikt fra denne høstens lyrikkdebutanter. Si gjerne hva du tenker om dette og følg med på #diktdebut på Twitter. Har du lest det lille Darth Vader-diktet til Anja Høvik Strømsted? Et dikt om å være sulten av Morten Langeland? Eller en liten fortelling om å kjenne på arr av Marianne Clementine?

Lyst på mer poesi i hverdagen? Lett!

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/14/diktdebut-kvar-i-kroppen-sit-ingenting/feed/ 4
Diktdebut: Bilydar http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/12/diktdebut-bilydar/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/12/diktdebut-bilydar/#comments Wed, 12 Sep 2012 10:45:57 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2196 Les videre ]]>

eg studerer huda di
i løynd
når du søv

kjenner på ei fordjuping
der barnekroppen din
møtte ein stein
i 1991

på eit arr
du fekk då du var 14
og balanserte full i høgda
for første gong

eg stryk fingrane over alle feila dine
men har mist evna til å tenkje
at dei er feil

Av Marianne Clementine

Hver uke i september velger vi ut dikt fra denne høstens lyrikkdebutanter. Si gjerne hva du tenker om dette og følg med på #diktdebut på Twitter. Har du lest det lille Darth Vader-diktet til Anja Høvik Strømsted? Eller et dikt om å være sulten av Morten Langeland?

Lyst på mer poesi i hverdagen? Lett! Hvis du tar et bilde av «Morgen» som Falkeid har skrevet kan du få komme til Stavanger på Kapittelfestivalen, for eksempel.

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/12/diktdebut-bilydar/feed/ 3
Diktdebut: ÆÆÅ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/07/diktdebut-morten-langeland/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/07/diktdebut-morten-langeland/#comments Fri, 07 Sep 2012 13:30:27 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2177 Les videre ]]>

Vil du høre Morten Langeland lese diktet selv?

Hver uke i september velger vi ut dikt fra denne høstens lyrikkdebutanter. Si gjerne hva du tenker om dette og følg med på #diktdebut på Twitter. Har du lest det lille Darth Vader-diktet til Anja Høvik Strømsted?

Lyst på mer poesi i hverdagen? Lett!

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/07/diktdebut-morten-langeland/feed/ 5
Diktdebut: Darth Vader-eskalasjonen http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/06/diktdebut-darth-vader-eskalasjonen/ http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/06/diktdebut-darth-vader-eskalasjonen/#comments Thu, 06 Sep 2012 11:57:28 +0000 http://blogg.nrk.no/bok/?p=2161 Les videre ]]>

tiden er p
oetisk og du hører musikk
men hvor er den
du sier du er redd for kollisjonen
og jeg sier dødsstjernen allerede har kollidert
hadde det vært musikk ville den nådd høydep
unktet
darth vader har fløyet over darth sidious
med lyssverdet som en demon
over solen og også månen også stjernene
den cybernetiske kroppen har falt
og du sp
ør hva som er p
oenget

Av Anja Høvik Strømsted

Hver uke i september velger vi ut dikt fra denne høstens lyrikkdebutanter. Si gjerne hva du tenker om dette og følg med på #diktdebut på Twitter.

Lyst på mer poesi i hverdagen? Lett!

]]>
http://blogg.nrk.no/bok/2012/09/06/diktdebut-darth-vader-eskalasjonen/feed/ 7