Får håpe kanskje Knut Jørgen kommer med et bedre forklart svar 🙂 Jek er ikke så flink på dette, hehe.
]]>På trikken her ein dag, såg eg og ei veninne ut av vindauget. Der kunne vi sjå at månen allereie hadde karra seg opp på himmelen. Då kom vi til å tenkje på eit lite fenomen: Er det mogleg å sjå sola og månen på himmelen til same tid? Vil det då sei at dei som held til på hi sida av jorda ikkje kan sjå nokon av dei? Når vi har ny-måne, er det slik at på andre sia av jorda har dei ne-måne?
Frå våre yngre dagar har vi lært; om vi legg den runde sida til månen i venstre hand har vi ne-måne. Likeså hvis vi legg den i høgrehanda, har vi ny-måne. Er dette ein internasjonal regel? Og kva er greia med dei som har «skalken» liggande å lure på undersida av månen?
So tek vi tak i siste undring: Når vi har nesten fullmåne, vil då motsatt side av jorda ha den resterande biten for å utgjere heile månen? Eller vil dei sjå det same som oss, berre speglvendt?
Vi hadde satt stor pris på om du ville svart oss på desse undringane.
Helsing Marthe og Nina-Mari
]]>