Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 4. september 2013 kl 20.15 Dei ustoppelege

Finne-på-mannen på Finnøy


Leif Arild Steen (40) frå Finnøy i Rogaland hoppa av ein høgt gasjert jobb i oljebransjen i Stavanger og flytta heim til Finnøy. Med stor kreativitet, pågangsmot og humør vart han ein viktig aktør i næringsliv og kultur på Finnøy.

Leif Arilds kreative kraft og lune humor er høgt verdsett i Ryfylke. Han har vist at tek ein tak i det lokalsamfunnet naturleg har, så kan det ligge godt levebrød for mange i utkantane våre.

Om serien:I dokumentarserien Dei ustoppelege møter vi seks menneske som jaktar sine draumar. Med ubøyeleg vilje, beinhardt arbeid og ofte stor økonomisk risiko. Gjennom opp- og nedturar, vinning og tap - i basketak med små marginar. Dei ustoppelege gir seg aldri.

Dag Indrebø har fylgt kvar av desse seks gründerane gjennom eit år. Nysgjerrig på kven desse propellane er, og korleis dei verkar.

Dokumentarserie i seks deler frå NRK Hordalane (2013)
Regi og foto: Dag Indrebø
Presseansvarlig: Irene Elisabeth Rossland, 988 20 309
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, 815 65 900