Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 19. juni 2011 kl 20.55 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Kirsten og dei 13 rallarane


"Det er ikkje mange som bur i lag med 13 kjekke menn, men det gjer eg," skryter ho. Rett nok ser ho ikkje så mykje til dei, men ho høyrer dess meir. Nattestid listar dei seg rundt husveggene, og somme tider knett det i loftstrappa under tyngda av trinna deira. Du får vite meir om danske Kirsten Lundsgaardvig, når Oddgeir Bruaset vitjar henne i programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

Dei 13 var rallarar under bygginga av Setesdalsbanen, dei budde i huset der Kirsten Lundsgaardvig no held til, dei er alle for lenge sidan døde, men i Kirsten si verd er dei høgst levande, og dei er hennar gode vener.

Slangen i paradis
Ho er dansk, ho er eit fargesprakande fyrverkeri av ei dame, og ho veit det sjølv. Ho er kunstmålar, ein av dei mest kjende i Danmark, seier ho, og om sommaren tek ho palett og staffeli ut på grasbakken utafor huset i skogen, og der står ho med penselen i hand og rosemåla støvlar på beina. Elles har ho ingenting på. Ho er eit naturbarn. "Var det ikkje for slangen i paradis, hadde eg kasta støvlane òg," slår ho fast. "Her er så grueleg med hoggorm," legg ho forklarande til.

Danmark-Noreg-sambandet
Det var ei kunstutstilling som førte dama frå Tisted på Jylland til Skien i Noreg for rundt førti år sidan. Der møtte ho ein utsendt journalist frå TA, Thor Thoresen, og det sa pang. I tida som følgde, opplevde ho den store kjærleiken i livet. Ei av følgjene var kjærleiksbarnet Nastasia. I eit par år vart Kirsten verande i Danmark, men då jenta voks til, meinte mora at dottera måtte få vere i nærleiken av faren, og så flytte damene til Noreg. Men etter nokre år døydde kjærasten, og då Nastasia vart vaksen nok til å stå på eigne bein, flytte Kirsten til huset i skogen ved Homevassevje, det som hadde tent som vaktarbustad heilt til Setesdalsbanen vart nedlagd. Og der er ho blitt verande, endå bygningen er freda, og ho lyt ta til takke med utedo og eit hus utan bad. Løysinga på det siste var at ho fekk bygd eit slags dusjkabinett, i form av ein solid trestamp, i eine hjørnet av kjøkenet, og der dusjar og dansar ho tre gonger om dagen. For rein skal kroppen vere. Resten av tida står ho i atelieret på loftet og lagar mengdevis av bilde på sin fargerike og særmerkte måte.

Religion utan pietisme
Midt i all si fargerike framferd er ho katolikk. Ho målar Madonna med og utan barn, ho går til messe, og ho går til pateren sin for å skrifte. Ein gong ho oppsøkte han for å bestille skriftetime, hadde ho vore gjennom ein augeoperasjon og var både gul og blå rundt gluggane. Pateren misforstod og gav henne den siste oljen. Men sørlandske bedehus held ho seg langt unna. "Der er det berre fordømming og trongsyn og gledeløyse," utbasunerer ho. "Og eg er ei som seier ja til livet!" jublar ho og kastar kjortelen. Kirsten står i paradiset og strør fargeklattar utover lerretet, med gummistøvlar på.

Sendt tidligere.

Dokumentarserie fra NRK Møre og Romsdal (2009)
Programansvarlig: Oddgeir Bruaset, tlf 976 98 130
Kontaktadresse: presse@nrk.no
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no