Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 fredag 4. juli 2008 kl 19.30 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Liv og røre på Kjepso

Per Ragnar Kjepso lever på Kjepso med kona Anne. (Foto: Bernt Baltzersen)
Per Ragnar Kjepso lever på Kjepso med kona Anne. (Foto: Bernt Baltzersen)
Kjærleiken førde Anne frå Glasgow til Kjepso, den veglause garden på nordsida av Hardangerfjorden. Ho og mannen Per Ragnar fekk fem born som no er vaksne. Sjølv er dei pensjonistar og mest aleine, men ved høgtider og feriar kjem dei unge attende til ættegarden. Då er det liv heile døgnet.

Kjepso ligg på ein knaus 250 meter over Hardangerfjorden. Den som køyrer vegen på nordsida av fjorden utetter, vil sjå tunet liggje og trone på ein kolle for seg sjølv ei halv mil innanfor industristaden Ålvik. Dit opp går ingen køyreveg, berre ein gangstig.

Trestigar
For berre få år attende måtte folket på Kjepso jamvel klive i trestigar for å komme seg til eller frå garden, og når isen la seg over berg og sva, galdt det å halde seg godt fast i taua som var utlagde. Men her kleiv ungane i mørke vintermorgonar når dei skulle på skulen i Ålvik, og aldri gjekk det gale.

Hit kom også Anne, ei ung dame frå millionbyen Glasgow. Ho kom for å bli kone på den veglause garden, for å fostre opp fem born, for å stelle hus og heim og styre garden. Mannen, Per Ragnar, hadde arbeid i Bergen og var borte heile veka. Men storbydama greidde seg godt, og ho bur der enno.

I dag har det komme trapper der det før stod stigar, og børene treng ikkje lenger berast på rygg. Varene frå handelsmannen, høyet frå løa nede på bøen og strangane frå vedskogen i liene blir frakta til gards med motorisert taubane. Sju taubanar finst det på Kjepso, og dei fleste er framleis i bruk.

Som born igjen
No er Anne og Per Ragnar blitt pensjonistar, og dei er dei einaste fastbuande på garden. Dessutan bur Karin, syster til Per Ragnar, der saman med mannen sin, Gerhard Ebersbach frå Tyskland, ein stor del av året.

Men i høgtidene og sommarferiane vender born og søskenborn med familiane sine tilbake til ættegarden, og då er det folksamt der oppe. Samhaldet er sterkt, og dagane er fylte med leik og moro, med song og spel, dans og fest, natt som dag.

Sjølv pensjonistane blir som born igjen og kan finne på å leite fram modellbåtane dei sjølve eller far deira laga og arrangere båtrace på den eine av dei to dammane folket på Kjepso i si tid bygde. Ungane måtte lære seg å symje, og kona måtte ha fisk til middag, og sidan vegen til sjøen var både lang og tung, bygde dei seg like godt dammar, så dei både kunne ale opp den fisken dei trong og lære seg symjekunsten – eller sjøsetje ein ny modellbåt dei hadde snikra i hop.

Åleine på stølen
Kanskje blir det òg ein tur til stølen, staden der Per Ragnar laut vere budeie frå han var ni-ti år gammal. Om kvelden la han i veg for å leite opp kyrne og mjølke dei. Så tok han natta åleine i fjellheimen, og neste morgon, etter å ha mjølka og sleppt kyrne på beite, sprang han same vegen ned att med mjølkeholk på ryggen. Men vegen var lang og bratt, og fleire stader måtte han klive i lange stigar for å komme seg forbi hamrar og stup. Og framleis må stigane brukast om ein vil til støls.

Men slett ikkje alle maktar det og gjer vendereis før dei er halvvegs. Per Ragnar, derimot, kliv som han før gjorde, endå han er godt oppe i pensjonsalderen.

Programmet er sendt tidligere.

Dokumentarsere fra NRK Møre og Romsdal
Programansvarleg: Oddgeir Bruaset, 976 98 130
Kontaktperson Programinformasjon: Hilde Ljøen, 23 04 72 36/95 70 11 47
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900