Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 17. januar 2010 kl 09.30 Språkteigen

Mogleg, mogeleg, moglig eller muleg?

Nynorsk-ordlista inneheld seks former for ordet mogleg. Gjer dette språket rikt eller vanskeleg?
Etter to stranda forsøk på å gjere nynorsken enklare er arbeidet endeleg i gang att.
Leiar i den nye nemnda for nynorskrettskriving, Grete Riise, er klar til å gyve laus på det ho meiner er eit viktig og naudsynt oppdrag.

Sjeldan har vel foreldre gledd seg så mykje over at ungane dreg eit nytt dataspel inn i huset!
- Lulesamisk er et sårbart språk, så alle tiltak tas imot med glede. Det seier Ingar Nikolaysen Kouljok, ein av 500 som snakkar lulesamisk i Norge. Sonen hans har lånt ut stemma si til det aller fyrste dataspelet på dette språket, og Språkteigen var med under innspelinga.

Kva, eller kvar er Amerika? Kvifor seier ein ofte Amerika og amerikanarar når ein meiner USA og innbyggjarane der? Kvifor ikkje seie usanar, slik Joar Hoel Larsen i NRK seier?
Lyttarane spør, Sylfest Lomheim svarar.