Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 13. oktober 2011 kl 20.15 Solgt!

Herskapeleg bustad i pendlaravstand


I ukas Solgt! drar vi til Indre Østfold, der våre meklarar frå Kristiansand og Nordland skal prøve å tippe pris på ein gamal direktørbustad med utsikt til fire kommunar.

Bustaden vart bygd i 1910 i samband med utbygginga av tre store kraftverk i Askim. Tidligare var huset nytta som direktørbustad og har mellom anna hatt besøk av kong Haakon og dåverande kronprins Olav. I tillegg har det hatt både norske og utanlandske regjeringsmedlemar til bords.

-Eg trur dette er det mest herskapelege huset vi har besøkt i Solgt! si historie. Det er eit hus med masse nasjonal historie i veggane, og det er blitt pussa opp i ein stil som kler huset. Heile eigedommen er unik og kan skilte med utsikt til fire ulike kommunar, fortel Solgt!-programleiar Frode Søreide. Han kan og avsløre at prisen truleg vil overraske mange.

Populært område
Indre Østfold er blitt eit populært område å bu i. Til Spydeberg er det berre 45 minutt med køyring til Oslo – noko som gjere at stadig fleire Oslo-folk flyttar til området. Vi sjekkar bustadprisar både i Spydeberg, Mysen og i Askim. -Avstanden til Oslo er eit stikkord for prisnivået i dette området. Dess nærare du kjem Oslo dess høgre vert bustadprisane, seier programleiar Frode Søreide.

Sør mot nord
I kveld er det meklarar frå Sørlandet og Nordland som møtes til duell. Dei anar lite om kva som møter dei i Indre Østfold. Frå Eiendomsmegleren Helgeland i Nordland har vi Mona Kristiansen og Merete Solvang. Dei møter frå Postbanken Eigedom i Kristiansand – Svein Lian og Lars Erik Greivstad.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobbet over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontorer, FBI og ved 17-mai.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, Tlf 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, info@nrk.no tlf: 815 65 900