Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 20. oktober 2011 kl 20.15 Solgt!

Studentkamp i Solgt!


Det er duka for studentduell i Solgt! Meklarstudentar frå den offentlege meklarutdanninga i Bø konkurrerar mot gutane frå meklarlinja på BI i Oslo. Kven klarar tippe pris på eit småbruk på 140 mål som strekker seg over tre øyer?

Mange unge drøymer om å bli eigedomsmeklar. I dag må du ha tre års utdanning for å bli meklar. Dei fleste går på ein av BI-skulane eller den offentlege høgskulen i Bø i Telemark.

Ny generasjon
-Mange røynde meklarar har fått store utfordringar med å prise objekt når vi har tatt dei utanfor sitt eige område. Difor meinte vi det var spanande og sjå korleis det går når vi gjer det same med den unge generasjonen meklarar som er nyutdanna, fortel programleiar Frode Søreide i Solgt!

Stor kampvilje
Frå meklarutdanninga på Høgskulen i Telemark deltek tredjeårsstudentane Frode Bergeheim Koppergård og Anne Mari Skogstad. Frå meklarutdanninga til BI i Oslo – Kristian Ask og Steffen Kirkeby Jensen. Vi sendte dei til Kristiansund – eit område dei har lite kjennskap til frå tidlegare. Studentane må derimot understreke at pugging av bustadprisar over heile Norge ikkje er ein del av pensum. -Det blir først og fremst gjetting, men kampviljen er på topp, seier dei fire i kor.

Småbruk over tre øyer
Det er ingen lette utfordringar studentane får. Eit av objekta meklarane må prøve å tippe pris på er eit gamalt småbruk som strekk seg over tre øyer heilt yst i havgapet på Averøy. Her er det ikkje mindre enn 140 mål tomt å boltre seg på. I tillegg får meklarstudentane i oppgåve å finne salsprisen på eit nytt funkishus med fantastisk utsikt og ei toppleilegheit i sentrum.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900, 2