Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 20. oktober 2008 kl 19.55 Faktor: Lovnaden

Bryt ikkje lovnaden

Faktor: Lovnaden: Idar Skotte held lovnaden om å halde farsgarden ved like. (Foto: Ivar Eidheim, NRK)
Faktor: Lovnaden: Idar Skotte held lovnaden om å halde farsgarden ved like. (Foto: Ivar Eidheim, NRK)
Då Idar Skotte (58) var ni år gammal, lovde han far sin å ta vare på foreldregarden Me-Skotet. Og den lovnaden har han følgt sidan.

Idar Skotte blei fødd og vaks opp som einebarn saman med foreldra sine på Me-Skotet i Storfjorden på Sunnmøre. Å livberge seg på ein fjellgard var strevsamt og tøft, særskilt om vinteren.

Foreldra måtte flytte
Til slutt var foreldra så gamle og slitne at dei måtte innsjå at dei ikkje kunne bli buande lenger. Det var med stort vemod dei forlet garden hausten 1981. Me-Skotet var den siste fjellgarden i Storfjorden som blei fråflytta.

Idar held garden ved like åleine
Men Idar Skotte har sjela si på Skotet og klarer ikkje å sleppe taket. Kvar sommar dreg han til foreldregarden, for garden må haldast ved like og graset må slåast. Han gjer det åleine, med ei lita slåmaskin og med ljå. Graset rakar han saman og legg det i skogkanten for å rotne. Denne sommaren slo han graset for 27. gongen sidan han og foreldra flytta.

For Idar Skotte orkar ikkje tanken på at garden skal forfalle. Bøane skal ikkje få gro att, slik at kulturlandskapet går tapt. Foreldra er for lengst døde, men kvar sommar heidrar han far sin og mor si med det han gjer.

Ein viktig innsats
Ingen løner han for arbeidet, anna enn eit klapp på skuldra frå nokre få som skjønar verdien av innsatsen han gjer. Idar Skotte er einebarn og ungkar og har ingen etterkomarar som kan føre arbeidet hans vidare den dagen han ikkje orkar meir. Men han håpar at han kan halde på i mange år enno.


Eigenprodusert dokumentar frå NRK Møre og Romsdal (2008)
Tittel: Faktor: Lovnaden
Redaktør: Oddbjørn Rosnes
Programansvarleg: Ivar Eidheim
Kontaktperson: Berit Ekholdt, tlf 23 04 94 50 / 997 97 743
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no