Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 31. august 2009 kl 22.30 Karis lukkelege val

Storslått kjærleik, storslått natur

Gamal kjærleik rustar ikkje – Kari Helene Flæte og Reidar Lyngset. (Foto: Liv-Randi Lind)
Gamal kjærleik rustar ikkje – Kari Helene Flæte og Reidar Lyngset. (Foto: Liv-Randi Lind)
Dette er historia om den 12 år gamle sognejenta som opplevde si første store forelsking. Han, som var fire år eldre, var den gong ikkje interessert av småjenta. Først etter 19 år blei den tilsynelatande håplause kjærleiken til røyndom for Kari. No flyttar ho til veglause Frønningen, og vi blir med på eit ekte frieri i ein storslått natur.

Den sanne historia utspelar seg i den vesle fråflyttingsbygda Frønningen på sørsida av Sognefjorden. Dette var heilt sidan middelalderen eit storgods, med ein av Vestlandets flottaste skogar. Men då den store skogsdrifta tok slutt for nokre tiår sidan, starta ein bratt nedtur for bygda. Butikken blei nedlagt, det same skjedde med skulen, og ferjetilbodet er innskrenka. I dag er det berre ti fastbuande igjen på Frønningen.

Ikkje alt etter planen
I denne utkanten er det altså at Kari Helene Flæte (34) vil skapa framtida si. Reidar Lyngset (38) er fødd og oppvaksen på Frønningen, og har arbeidet sitt i skogen her. Saman med Kari planlegg han det som skal bli deira felles framtid i bygda. Vi får vera med på gardsarbeid, og ikkje alt går etter planen. Men dei går trøstig i gang og byggjer nytt hus, det første på over førti år på Frønningen.

Livet kring fjorden
Ein del av Frønningen ligger innefor Nærøyfjorden verdsarvområde. Saman med Kari og Reidar opplever vi den dramatiske naturen i området, og det rikhaldige dyrelivet der hjorten spelar hovudrolla.

Sendt tidligere under Faktor-flaten.

Innkjøpt program, produsert av Oddmund Lunde, mobil 908 55425
Prosjektleder: Oddbjørn Rosnes, mobil 4781 5458
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no