Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 27. desember 2009 kl 09.30 Språkteigen

Twitter, karbonfangst eller furubord?

Kva for eit ord vil bli ståande som ein bauta for året 2009? Sylfest Lomheim og programleiar Gøril Grov Sørdal kårar årets ord.

Veit du når skarka er over og når julørka tek til? Går du i jultafs? Et du deg rund og god i lofra? Lyttarane har sendt inn gamle juleord og -uttrykk, og språkforskar Tor Erik Jenstad forklarar kva som ligg bak orda.

Hugsar du forresten nyorda som dukka opp på 80-talet? Språkteigen tek deg med attende til ei svunnen tid.