Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 mandag 19. januar 2009 kl 19.30 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Jenny og det store samspelet

Jenny Endresen på fjellgarden Moslid i Vest-Telemark. (Foto: NRK
Jenny Endresen på fjellgarden Moslid i Vest-Telemark. (Foto: NRK
Jenny Endresen kom til Noreg frå rikmannsstaden Westport like nord for New York City. Ho bur på ein fjellgard langt vest i Telemark, der dei lever etter prinsippet om måtehald. Saman dyrkar ho og mannen fram det dei treng.

Jenny Endresen voks opp i rikmannsmiljøet i utkanten av New York, i Westport (Connecticut), austkystens svar på Beverly Hills. Ho var omgjeven av millionærar og milliardærar, Jaguarar og Mercedesar, slott og luksusvillaer. Robert Redford og Paul Newman var to av naboane.

Men dama kjende seg som ein framand fugl i statusjaget, og jentedraumen om å bli modell fekk ein brå ende. Same vegen gjekk det med filmstudiet ho starta på. No sit ho på ein veglaus og straumlaus gard langt vest i Telemark og lever slik norske bønder gjorde for hundre år sidan. Og ho har fått det slik ho ønskjer. Eit møte med ein filosof som budde i ei primitiv hytte og levde av det han dyrka, vart avgjerande. Mannen tala om å ta vare på jorda og ikkje gjere skade på henne lenge før miljøspørsmål var eit ord med innhald. Og unge Jenny vart hans trugne disippel.

Sjølvberging
Ho trefte ein nordmann som delte synet hennar, og dei flytte til Noreg og busette seg på ein veglaus gard, først i Nærøyfjorden, dernest i Solund, for å leve av det garden hadde å gje. Med åra rakna ekteskapet, og no har Jenny funne ein ny mann og ein ny gard, men levemåten er den same gamle. For Jenny og Ole Johan Endresen er det måtehald og sjølvberging som gjeld. "Eg ønskjer å leve slik at eg gjer minst mogleg skade på den jorda vi har fått å forvalte," seier jenta frå millionæråsen.

Gamal tradisjon
Det er gått fire-fem år sidan dei to tok inn i dei gamle husa på den veglause og straumlause fjellgarden Moslid i Vinje kommune, saman med ein hest og ei ku, nokre sauer og geiter og ein flokk høner. Førebels lyt Ole Johan vere lærar i ei halv stilling for at dei skal få endane til å møtast, men målet er at dei ein dag fullt og heilt skal kunne leve av det brattlendte småbruket.

Overklassejenta sit på fjøskrakken og dreg i kuspenane i skinet frå ei fjøslykt, ho set opp rømme og kinnar smør. Av geitemjølka ystar ho ost, i talrike variantar. Ho dyrkar poteter og grønsaker, og i hagen finst dessutan alle dei urtene som har vokstervilkår her til lands. Kjøtet frå kje og lam saltar og tørkar ho, og ved hjelp av innmat og reingjorde tarmar lagar ho morr og spekepølse.

Samspel med naturen
Visst er dagane fylte med arbeid, men det er eit arbeid som gjev meining. Kjensla av å ta vare på jorda, leve i samspel med naturen, gjev ei glede som er langt større enn den lykka som så mange prøver å kjøpe seg til, seier Jenny medan ho trør over tunet i treskor og sid stakk, berande på eit lauvkjerv til sine firbeinte vener.

Sendt på NRK1.

Dokumentar fra NRK Møre og Romsdal (2009)
Programansvarlig: Oddgeir Bruaset, tlf 97 69 81 30 oddgeir.bruaset@nrk.no
Kontaktperson i Programinformasjon: Steinar Dahl, tlf 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no