Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 11. februar 2008 kl 09.30 Ukas P2-artist: Lena Willemark

Lena Willemark frå Sverige

Lena Willemark frå Sverige – "Ho lengtar"

- Du må gje deg hen, våge og ikkje tenkje…


Tonane hennar har gjort ho til ein av landets fremste folkemusikarar. Lena Willemark frå Sverige har ein fot plassert i både folkemusikk, jazz og klassisk. Ho er ikkje bunden av sjangerar. Ho er fri til å skape. Musikken kjem innanfrå. Lengten, rørslene, impulsane, magekjensla, motet, det vågale, det vakre og det gale. Stemma er midt i denne spennvidda. Lena Willemark klarer å skape spennet og ho fyller det. Fela har alltid vore med ho. Samspelet mellom den nakne stemma og instrumentet, lagar eit anna uttrykk.

Lena er født i 1960 i Evertsberg i Dalärne. Älvdal med sin natur og all den lokale kulturen gjennom den svenske folkemusikken, pregar musikken hennar. Willemark har fått uttallige prisar og utmerkingar. I Skandinavia er ho ein av dei fremste folkemusikarane.

I Norge har ho ei stemmetvillingssyster i Kirsten Bråten Berg. Eit 20 år gamalt venskap og musikalsk samarbeid, har gjeve resultat som du vil høyre meir om i Ukas P2-artist. I Sverige har Lena fleire musikkprosjekt, men gruppa Frifot med Ale Möller og Per Gudmundson er nok det mange nordmenn vil kjenne ho igjen i. For 20 år sidan reiv mange ned plakatane til Frifot og sa at dette er ikkje folkemusikk. I dag kallar alle dei for tradisjonsberarane i Sverige.

Å møte Lena Willemark er som å kome inn i hjarta til ein kunstnar. Ho fortel korleis tonane kjem inn i ho. Lena ser fargar, ho lengtar som om ho er på ei reise.

Programleiar: Tone Jorunn Tveito

"Ukas P2-artist" NRK P2
Mandag 11. februar – fredag 15. februar
Kl. 09.30. Reprise kl. 19.00.