Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 3. november 2011 kl 20.15 Solgt!

Nabo med Olav Thon?


Kor mykje kostar det å bli nabo med Olav Thon? I Solgt! i kveld gjestar vi eigedomskongen sitt nabolag på Sollihøgda. I tillegg tek vi pulsen på bustadprisane i landets mest pengesterke kommunar, Asker og Bærum.

Dei to pendlarkommunane til Oslo , Asker og Bærum, er kjende for tiltrekke seg pengesterke kjøparar. Bærum er dessutan den kommunen i landet med høgs inntekt og utdanningsnivå. Det er klart at slike faktorar også påverkar bustadprisane.

Varierande prisar
-Ingen tvil om at prisane i Asker og Bærum er høge. Men til liks med andre stader, så varierar det stort frå område til område. Myten er nok litt sterkare enn bustadprisane. Du treng ikkje ligge på formuetoppen for å ha adresse i Asker og Bærum, seier programleiar Frode Søreide.

Sollihøgda
På menyen i dag står eit idyllisk tømmerhus i Heggedal som ligg om lag ein halv time unna Oslo med tog. Her er det lagt vekt på det gode liv og med skiløypa som næraste nabo. Vi tek også ein avstikkar til Sollihøgda og besøker nabolaget til Olav Thon. Her får meklarane i oppgåve å tippe pris på eit stort hus med fantastisk utsikt ut over Tyrifjorden. Til slutt eit moderne funkishus over tre plan ved Slependen.

Møre mot Stavanger
Til å tippe pris har vi henta inn meklarar frå Stavanger og Møre og Romsdal. Frå Exact Eiendomsmeglere har vi Michael R. Myhre og Lene Gudbrandsen. Dei møter Mona Helene Fornes og Jørn Velle frå Møre Eiendomsmegling. Dei veit lite om bustadprisar i Asker og Bærum.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".

Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar.
Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai-sendinga.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900, info@nrk.no