Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 søndag 8. juni 2008 kl 11.03 Gudstjeneste frå Vangskyrkja på Voss, Hordaland

Vangskyrkja på Voss

Ivar Molde (foto: NRK / Helge Helgheim).
Ivar Molde (foto: NRK / Helge Helgheim).
Gudsteneste frå Vangskyrkja, Voss, Hordaland.
4. s. e. pinse: Luk. 15, 11-32.

Preike ved fung. prost Ivar Molde.
Kantor Lars Ragnvaldsen.

Norsk salmebok: 287. 332. 931. 405. 453.

Under preika syng Voss og Omland kantori songen "Som når eit barn".

Salmane er i same rekkjefølgje som numra overfor:
Eg ser deg, Gud i kvar den blom
Så vide om land
I dag om du hører Guds røst
Slik som eg var
Kor stort, min Gud, at eg ditt barn får vera

Høyr: Gudsteneste frå Vangskyrkja på Voss 8. ju ni 2008

Vangskyrkja på Voss
Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sakt Mikael.

Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil - berre så vidt tilspissa - og er en av dei eldste gotiske landskyrkjene i Noreg.

Lars Ragnvaldsen (foto: NRK / Helge Helgheim).
Lars Ragnvaldsen (foto: NRK / Helge Helgheim).
Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, står på Vossevangen i Voss kommune. Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje og soknekyrkje for eit stort område.

Det er ikkje så mykje igjen av interiøret frå den katolske tida. Bortsett frå sjølve kyrkja er det berre steinaltaret og predellaen (foten under altertavla) som er frå tida før reformasjonen.

Glassmaleria i koret og tårnfoten fekk kyrkja så seint som i 1923, og i år 2000 fekk kyrkja eit etterlengta nytt og flott orgel.


LENKER
  • Gudsteneste frå Vangskyrkja på Voss 8. ju ni 2008