Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 28. oktober 2007 kl 18.03 Folkemusikktimen

WOMEX - sett med norske auge

Fra den norske standen på WOMEX-messa. (Foto: Tone Jorunn Tveito)
Fra den norske standen på WOMEX-messa. (Foto: Tone Jorunn Tveito)
Folkemusikktimen sender direkte frå WOMEX, verdas største messe for verdensmusikk. WOMEX blir for tredje året på rad arrangert i Sevilla i Spania. Her er eit yrande liv sett saman av artistar, plateselskap, management, bookingbyrå og pressefolk. Over 80 land er med og over 800 konsertar blir framført. Midt i dette virvaret plukkar Folkemusikktimen opp det me trur DU synest er spennande. Blandinga mellom det norske og det internasjonale.

Norge har eigen stand med festivalarrangørar, plateselskap og folkemusikkformidling – det handlar om Music Eksport Norway. På standen blir fleire norske folkemusikkgrupper promotert med musikk, men det er gruppa Majorstuen som får mest fokus. Majorstuen er i år den einaste folkemusikkgruppa frå Norge som har klart å bli med i det offisielle programmet. 650 søkte om opptak til å spele konsert i "showcase"-programmet, men bare 35 vart plukka ut. Majorstuen vart blant dei heldige. Folkemusikktimen har dei med i studio og du får vite korleis Majorstuen opplever verdas største messe. Kva er draumen no?

Men WOMEX er mykje meir enn det offisielle programet. Karl Seglem har vore her i fleire år for å drive promo. Han tar med seg bukkehornet og blir med i studio! I tillegg ber me inn musikarar frå andre kantar av verda!

Folkemusikktimen samarbeider med Jungeltelegrafen under WOMEX. Jungeltelegrafen har ein time direktesending laurdag 27. oktober kl 14.00. Her høyrer du verdensmusikk og bl.a. Majorstuen rett etter dei har spelt ein time på showcase…

Ikkje gløym at Folkemusikktimen byr på fleire overraskandande augneblinkar som du ikkje får vite på forhånd – slå på radioen NRK P2!!

NRK har etablert studio i WOMEX og lydtekniker Håvard Wien er med på å sende radio over heile verda. NRK-teamet i WOMEX er Aasthe Kveseth, Sigbjørn Nedland og Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 28. oktober kl. 18.03.
Reprise måndag 29. oktober kl. 21.03.