Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 18. februar 2012 kl 20.55 Norsk attraksjon

Utanfor den vanlege turistløypa


Linda Eide oppsøkjer Nord-Europas einaste kyrkjetårn på bakkenivå, ein kjølebag som får fram det verste i folk, ein tåkelur som kan sprengja trommehinner til himmels og ein historisk nordmann som ikkje ligg i grava si.

For kvar ligg Harald Hårfagre eigentleg gravlagd? Rett nok har han Noregs største gravmonument på Gard i Haugesund, men reint faktisk er det særs lite sannsynleg at det er der han ligg gravlagd. Så kvar ligg denne vikingkongen som samla landet? Linda Eide tek saka, og prøver å finna fakta.

Det som derimot er eit faktum er at tåkeluren på Lindesnes er verdas sterkaste tåkesignal, og det er takka vera ein manns ulovlege vedlikehald at den enno kan høyrast. Det må feirast med konsert. Når verdas sterkaste tåkesignal møter ei skuleblokkfløyte frå 1975, blir resultatet ein versjon av "Mellom bakkar og Berg" som aldri før har blitt kringkasta. Og som nok aldri blir det igjen.

På Tretten står eit gedigent kyrkjetårn. Men det står ikkje oppå kyrkja, men ved sida av kyrkja. Høgs uvanleg og ein høgst ualminneleg historie.

Og kva er det som får folk i Svolvær til å gå laus på ein stakkars kjølebag på kaia? Er det fordi den er i bronse at dei blir sinna? Linda Eide prøver å oppdra folk til å takla det å bli lurt, så kanskje kjølebagen no får stå i fred?

Om serien:
Norsk attraksjon trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.

Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien Norsk attraksjon.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Presseansvarlig: Irene Elisabeth Rossland, Tlf 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900