Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 7. september 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Kroppsarbeidaren – Ruth Wilhelmine Meyer

Ho leitar etter lydane. Lydane i det universet som du kanskje ikkje har vore inne i før. Ho har eit eige språk. Ho syng utan ord, men med lyduttrykk. Fuglar, dyr og menneskjestemmer er inspirasjon. – Musikk er ein lyd som berører deg, seier Ruth Wilhelmine Meyer ettertenksamt.

Songen og tonane har fylgt ho gjennom heile livet. Frå ho vaks opp på prestegarden i Vinje med naturen og folkemusikken som inspirasjonskjelde. Livet som ungdom med operaundervisning og det klassiske idealet. Til den organiske musikken ho fann då ho studerte i Østerrike og Tyskland. Under intense litteraturstudiar i Tyskland, mista ho språket i tre veker. Ho var mett av ord. Songen hennar vart deretter lyduttrykk.

Ruth Wilhelmine Meyer er både musikar og songpedagog. Ho er opptatt av å få fram samspelet mellom kropp og stemme. – Når du får eit menneskje til å klinge, då stemmer alt, seier ho ivrig. Song er ein trong i alle menneskje. Han kjem ut når inntrykka blir for store. Alle menneskje kan synge, så lenge dei klarer å lage lydar.

Ruth Wilhelmine Meyer har ei stemme som strekker seg over seks oktavar og har eit rikt og klangleg vokalspekter. Ho søker inspirasjon i barokken, hjå inuittane, hjå kvedarane i Vinje, hjå dyra, hjå fuglane, hjå nyfødte born – overalt der det levande uttrykker seg i lyd. Utdanning frå Orff-Instituttet ved Hochschule für Musik i Salzburg og frå Høgskolen i Bergen/ Griegakademiet.

Ho har ein bodskap, er uredd og viljesterk. I intervjuet kjem du nær ho og opplever heilskapen mellom kropp og stemme inne i Wilhelmine sitt eige lydunivers. Men i tillegg høyrer du kvar mange av lydinspirasjonane hennar kjem i frå. Ikkje utan grunn har programmet fått tittelen: "Kroppsarbeidaren". Meir info: www.wilhelmine.no

Om du har lyst å høyre Folkemusikktimen igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen og så velger du sendedato 7. september. Neste sundag kjem det intim Borgjakonsert med Anne hytta "Aleine med felene sine" under årets Telemarksfestival.

Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

NRK P2
Sundag 7. september kl. 18.03.
Gjenhør måndag 8. september kl. 21.03.