Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 24. mars 2013 kl 20.15 Tilbake der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Kvar skal vi bu


Det siste av dei fire programma der vi på ny oppsøkjer folk som har vore med i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», skil seg frå dei føregåande ved at det er delt inn etter tema.

Først rettar vi blikket mot dei som har gått bort. Vi møter dei igjen i programma, og i nokre tilfelle fortel dei som stod dei nære, korleis den siste tida var. Dernest rettar vi søkjelyset på dei som har flytt frå utpostane sine.

Nokre få har drege for godt, og vi får vite grunnane til det. Andre har reist vekk i dei hardaste vintermånadene fordi alderen og helsa har kravd det. Men så fort vårsola sender varmande strålar, er dei tilbake der dei helst vil vere.

Fråflytting
Til sist filosoferer vi litt over kvifor ein så stor del av oss flytter, og kvifor flyttestraumen stort sett går ein veg, frå utkantane og inn til sentra. Er straumen ei politisk styrt utvikling, eller er han uttrykk for det folket ønskjer? Har menneske større føresetnad for å få eit godt liv i byane enn i bygdene, og kva blir følgjene om bygdene til sist ligg folketomme att?

Ein musikalsk hyllest
Programmet blir for ein gongs skuld runda av med eit musikkinnslag, ein musikalsk hyllest til dei som vel å leve eit enkelt liv i samspel med naturen. Samstundes tek songen og songaren Haddy N’jie oss med attende til nokre av dei mest spektakulære stadene vi har vore innom i serien om menneske som lever «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Egenproduksjon, 2012.
Del 4 av 4.
Reporter: Oddgeir Bruaset
Kontaktadresse for presse presse@nrk.no tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900