Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 8. august 2010 kl 09.30 Språkteigen

Eg travla ned råden til ænti mi

Då språkforskarane Janne Bondi Johannessen og Signe Laake reiste på skattejakt i USA, fann dei gull!
Dei ville undersøke korleis det stod til norsken i Midtvesten. Kan framleis norskamerikanarane gamlespråket? Og kva særtrekk har dette emigrantspråket?
- Veit du kva travle betyr? Og kva med røvern?
Janne Bondi Johannessen gløttar på skattekista i Språkteigen søndag.

I tillegg får du høyre ein liten skatt frå NRK-arkivet, der den norskamerikanske professoren Einar Haugen gjenfortel historier på dialekt frå Midtvesten på 30-talet.

Har du bunad? Har bunadsbeltet ditt stølar? Sylfest Lomheim forklarar kva som ligg bak ordet støl.

Programmet blei sendt fyrste gong 18. april i år, og det er Gøril Grov Sørdal som er programleiar.