Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 31. mars 2009 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

Musikalsk isklatring

Ismusikar Terje Isungset og programleiar Monika Blikås klatrar i islagde fossar i Rjukan. (Foto: Eirik Lindebjerg, NRK)
Ismusikar Terje Isungset og programleiar Monika Blikås klatrar i islagde fossar i Rjukan. (Foto: Eirik Lindebjerg, NRK)
I skuggelagde Rjukan har isklatrarar funne sitt gjennomfrosne eldorado i stupbratte fjellsider med tallause, stive fossar. Vi får bli med på jakta etter spaning og iskalde tonar saman med musikar Terje Isungset og programleiar Monika Blikås.

Terje Isungset er ein av yttarst få musikarar som turnerer verda rundt med ismusikk – komponert og framført på sjølvlaga instrument som ishorn og isperkusjon.

Men oppover isen har han ikkje tort seg før. Er det mot og inspirasjon å hente på toppen av islagde fossar?

Skummelt paradis
Til Rjukan kjem isklatrarar frå heile verda. Staden har ein høg status med sine 170 islagde fossar gjennom lange og stabilt kalde vintrar. Men korleis får ein to amatørar opp loddrett stålis?

Instruktør Stig Løland veit kva som skal til. Han har brukt fem år på å bli internasjonal tindevegleiar. Mens Stig sikrar med tau, høgg Terje Isungset og Monika Blikås isøkser og stegjern så isen skvett, og karrar seg oppover – i seksten minus og med iskald vind gjennom juvet.

Fisk på fylla
Reporter Hanne Aass leitar etter ein fisk som har utvikla ein heilt spesiell teknikk for å overleve vinteren i islagde vatn utan oksygen. Med ein promille på 0,2 er karpefisken karuss ikkje køyrbar ein einaste dag om vinteren. Ein kan trygt seie at den er avhengig av sprit for å komme seg gjennom mørketida.

Litt meir edruelege er kanskje fiskane som reporter Kjell Fuglehaug oppsøkjer. Han er i Hol i Hallingdal saman med Jan Eira, som er ekspert på finurleg garnfiske under isen.

Eigenprodusert naturmagasin
Programleiar: Monika Blikås
Redaktør: Terje Dale
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51 – 95 10 02 99
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900


LENKER
  • Hjemmeside