Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 29. september 2007 kl 22.35 Norsk attraksjon

Kjempen frå Numedal

Linda Eide lagar bassebane saman med Bent-Inge Borgund (t.v.) og Øyvind Sarheim. (Foto: NRK)
Linda Eide lagar bassebane saman med Bent-Inge Borgund (t.v.) og Øyvind Sarheim. (Foto: NRK)
Verdas høgste mann målte 2,79 på strømpelesten og var eigentleg norsk. Møt han i Norsk attraksjon i kveld! Der får du og sjå Linda Eide spele basse, ein heilnorsk sport.

Kjempen Johan Aasen spelte i fleire stumfilmar i Hollywood på 20- og 30-talet. Han vaks heile livet, truleg på grunn av ein feil i veksthormona. Då han døydde skal han ha vore utrulege 279,4 centimeter. Guinness rekordbok må oppdaterast, meiner lokale eldsjeler i Veggli i Buskerud.

Då Johan vart fødd i 1890, vog han 11 kilo. Heldigvis var mora hans, Kristi, inga småjente sjølv. Ho var 220 centimeter høg.

Kristi Danielsen vaks opp på Veggli i Rollag kommune i Numedal, Buskerud. Som ung jente emigrerte ho til Amerika, mest sannsynleg med ein "liten" Johan i magen.

Kanskje tenkte unge Kristi at Veggli var for lite for henne, kanskje hadde ho høyrt at alt var "much bigger over there". Barndomsheimen hennar på Veggli var nemleg ikkje laga for store menneske. Det får du sjå i Norsk attraksjon.

Heit historie
20. juni 1970 steikte sola på folk og termometer på Nesbyen. Kvikksølvet steig og steig til utrulege 35,6 grader. Høgare temperatur er ikkje målt i Noreg nokon gong.

Bli med når Norsk attraksjon dukkar ned i Nesbyens kokheite fortid, intervjuar augevitne og rekonstruerer rekordmålinga med det originale termometeret frå 1970.

Linda i det kritiske hjørnet
I kveld tek attraksjonsjeger Linda Eide på seg dei kritiske brillene. Mange norske attraksjonar skryter av å vere størst, lengst eller brattast i Nord-Europa… Men kvar er eigentleg Nord-Europa? Det er det full forvirring om. Er for eksempel Tyskland i Nord-Europa? Kva med Russland? Island? Køyr debatt fram til Norsk attraksjon gjer deg svaret!

Dessutan reiser vi til Trondheim for å sjå nærare på dei avanserte reglane i basse. Basse er ein sport som du ikkje finn nokon annan stad i verda!

Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende plassar som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.

Underhaldningsprogram
Program 3 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar:Gunn Aasen , 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900



LENKER
  • Hjemmeside