Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 6. desember 2011 kl 19.45 Ut i naturen: Landskapsgrublerier

Istid


Alle haugar er ikkje like gamle, og alle brear er ikkje like kalde. Det finst ein iskald forskjell mellom Austlandet og Vestlandet som kan føre til sterke grublerier om kor gammalt eit landskap er, og kvifor det ser slik ut som det gjer.

Istida har mykje av skulda, for breane har oppført seg ulikt. I vest har dei herja og gravd ut fjordlandskapet, medan dei i aust i større grad har lagt i ro og smelta ned på ein heilt annan måte.

Studentar ved Universitetet i Bergen brukar sommaren til å undersøkje snøen som fall for titusenvis av år sidan. Ferda går frå Kråkenes ved Stadthavet i vest og over Strynefjellet til Heidalstraktene, Rondane og Jutulhogget i aust.


Egenproduksjon
Programleiar: Elin Helgheim. Elin.Helgheim@nrk.no
Redaktør Terje Dale
Produksjonsleiear: Irene Langeland
Kontaktadresse for presse: , tlf: 414 28 800
TV-seere bes kontakte Publikumsservice:info@nrk.no , tlf: 815 65 900