Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 14. desember 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Kvedarkjelda – Hagny Huso

- Ein blir på godlag når ein syng. Når eg arbeider, må eg kveda. Eg song visst alltid når eg var liten også…

-Eg høyrde heile tida på far. Han song då han arbeidde og uansett kva han gjorde. Etterkvart skjønna eg at dette må eg passe på, fortel Hagny Huso frå Bøgrend i Vinje. - Eg har dei i hovudet. Det du er interessert i, hugsar du. Men no har eg fått beskjed av dei andre kvedarane at eg må skrive dei ned, medan eg minnest songane, seier den blide syttiseksåringen.

I dag kved ho mest for "sjove seg", seier ho. Årsaka kjem av hendinga på scena den 29.01.2000. Ho stod på scena med Vinje songlag då dirigenten Liv Lofthus fekk kongens fortenestemedalje i sylv. Brått seig Hagny i saman. Ho hugsar ikkje meir før ho vakna opp att nokre dagar etter på på sjukehuset, lam i venstre sida. – Eg mista dessverre noko av songstemma då, seier Hagny. Etter den gongen har ho site i rullestol og den aktive dama, kan ikkje gjere like mykje som før. Men snakkestemma har ho trena opp att. I dag kan du ikkje høyre at noko hendte den gongen. Likevel er Hagny umåteleg glad for bånebåna sine som hjelper ho rundt i huset. Lars har akkurat hengt opp nissar og og no er han og Tor Olav der og lærer eit par stubbar. Eigentleg vil dei ikkje synge for Folkemusikktimen, men eit veddemål på 10 kr per stev, kan få revolusjonerande verknadar rett før jol...

Hagny er fødd i 1932 på garden Tverrås i Edland. Songen sin har ho etter faren Eivind Nordheim, også kalla Eivind Tverrås. Mor hans Anne Gugarden Nordheim kom frå den kjendte kvedargreina som Margit Tveiten kom i frå. Magit var tante til mor hans, farmor til Brita Bratland og Margit Gunvaldjord. - Alle Gugardane var så gode til å synge, sa dei dei alltid, hermar Hagny. Ho fortel at mor hennar Gunnhild Gunvaldjord hadde også sterke kvedarrøtar. - Ho kvo ikkje, men song meir salmer og andre songar, seier Hagny.

-Sulli lulli hanning kanning, var nok den fyrste stubben eg lærte av far. Og den er det mange som er glade i, seier Hagny. Dei var åtte syskjen. Dei var alle kjende for å vere ein songfamilie, men det var Hagny som blei smitta av kvedinga. – Eg såg veldig opp til far då eg var liten. Då eg kom til Huso i Bøgrend, kom eg til eit godt kvedarmiljø. Her flytte ho i lag med mannen sin Tarjei Huso. Då var ho 22 år gamal. Dei dreiv garden i lag og fekk tre gutar. I kvedarmiljøet var m.a. Ellen Nordstoga og Aslak Høgetveit.

Sulli lulli hanning kanning, Målfrid mi fruve, Grisilla, Jeg gikk meg ut i lunden grønn, Sulli lulli låte… er noko av materialet som Hagny har vidareført som kvedarkjelde. Øyonn Groven Myhren fekk Sagaprisen med Hagny i 1996. Dette var før Hagny fekk slag. Det betydde mykje for Hagny å få den prisen.

Ho er oppvaksen i ei tid med naturalhushaldning. Livet på garden, all matlaging og tradisjonar har vore viktig for Hagny. I dag er ho ein tradisjonsberar som mange spør til råds. – Ingen måtte gå svolten joledagen, då kom ein til å gå svolten heile året. Dei lot alltid maten stå på bordet frå joleftan, så alle kunne ete det dei ville…

Musikkopptak henta frå Folkemusikkarkivet i NRK og Folkemusikkarkivet i Telemark.

Om du har lyst å høyre Folkemusikktimen igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen (programmet ligg i 3 veker). Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 14. desember kl. 18.03.
Gjenhør måndag 15. desember kl. 21.03.