Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 2. juni 2008 kl 09.30 Ukas P2-artist: Ruth Wilhelmine Meyer

Ruth W. Meyer – "Kroppsarbeidaren

Ruth Wilhelmine Meyer er ukas P2-artist. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Ruth Wilhelmine Meyer er ukas P2-artist. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
- Eg sluttar aldri å undre meg over menneskjestemma si uendelege fargepalett…

Ho leitar etter lydane. Lydane i det universet som du kanskje ikkje har vore inne i før. Ho har eit eige språk. Ho syng utan ord, men med lyduttrykk. Fuglar, dyr og menneskjestemmer er inspirasjon. – Musikk er ein lyd som berører deg, seier Ruth Wilhelmine Meyer ettertenksamt.

Songen og tonane har fylgt ho gjennom heile livet. Frå ho vaks opp på prestegarden i Vinje med naturen og folkemusikken som inspirasjonskjelde. Livet som ungdom med operaundervisning og det klassiske idealet. Til den organiske musikken ho fann då ho studerte i Østerrike og Tyskland. Under intense litteraturstudiar i Tyskland, mista ho språket i tre veker. Ho var mett av ord. Songen hennar vart deretter lyduttrykk.

Ruth Wilhelmine Meyer er både musikar og songpedagog. Ho er opptatt av å få fram samspelet mellom kropp og stemme. – Når du får eit menneskje til å klinge, då stemmer alt, seier ho ivrig. Song er ein trong i alle menneskje. Han kjem ut når inntrykka blir for store. Alle menneskje kan synge, så lenge dei klarer å lage lydar.

Ruth Wilhelmine Meyer har ei stemme som strekker seg over seks oktavar og har eit rikt og klangleg vokalspekter. Ho søker inspirasjon i barokken, hjå inuittane, hjå kvedarane i Vinje, hjå dyra, hjå fuglane, hjå nyfødte born – overalt der det levande uttrykker seg i lyd. Utdanning frå Orff-Instituttet ved Hochschule für Musik i Salzburg og frå Høgskolen i Bergen, Griegakademiet.
Ho har ein bodskap, er uredd og viljesterk. I intervjuet kjem du nær ho og opplever heilskapen mellom kropp og stemme inne i Wilhelmine sitt eige lydunivers.
I tillegg høyrer du kvar mange av lydinspirasjonane hennar kjem i frå. Ikkje utan grunn har serien fått tittelen: "Kroppsarbeidaren".

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

"Ukas P2-artist" NRK P2
Mandag 2. juni – fredag 6. Juni.
Hver dag kl. 09.30 – 10.00.
Gjenhør kl. 19.00.