Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 24. mars 2008 kl 19.45 Norsk attraksjon 2. påskedag superkavalkade

Gjensyn med Linda Eide

Linda Eide rundar av påsken med høgdepunkt frå suksesserien
Linda Eide rundar av påsken med høgdepunkt frå suksesserien "Norsk attraksjon". (NRK-foto)
Linda Eide gjorde stor suksess på laurdagar førre sesong med serien "Norsk attraksjon", ei reise i hyggeleg norsk galskap. I kveld byr ho på ein superkavalkade med høgdepunkt frå serien.

Idet vi legg påska bak oss og pakkar vekk ski og appelsin, tek programleiar Linda Eide eit tilbakeblikk på hausten. Då reiste ho landet rundt på jakt etter dei ukjende attraksjonane. Høgdepunkt frå den populære serien er sett saman til "Norsk attraksjon - 2. påskdag superkavalkade".

Her får du eit gjensyn med kjempenissen Gollis, De dødes tjern og andre attraksjonar som du ikkje finn i guideboka.

Til neste år er Linda Eide tilbake med meir galskap i ein ny runde "Norsk attraksjon". Opptaka til desse programma er no i gong.

Sveitt og vått
I Rjukan slår Linda eit slag for folkehelsa. Noreg er landet for lange fantastiske tropper, og troppa i Mår kraftverk har 3875 trinn. I Noregs lengste innandørs tretropp vil Linda steg for steg for steg bevise at "tropp er topp for kropp".

Brekke i Sogn er den våtaste plassen i Noreg. Her blei det sett nedbørsrekord to år på rad, i 1989 og 1990. I løpet av regnåret 1990 blei det målt 5596 mm nedbør, og den rekorden står framleis. Linda får føle rekordregnet på kroppen.

Plastkolossen i Lyngen
Gollis er ein plastsensasjon frå Lyngen i Troms. Han er verdas største nisse, ni meter over bakken smiler han i det kvite skjegget. Gjennom mange år har plastgiganten på Lyngseidet vekt begeistring, avsky og debatt. Han har svevd høgt og landa stygt. Han er utan tvil ein norsk attraksjon.

I tillegg får vi eit gjensyn med Henny Moan tilbake ved De dødes tjern, det vesle huset med det store namnet "Sjit helvedes kåken" og fleire høgdepunkt frå Norsk attraksjon.

Om serien
I "Norsk attraksjon" tek Linda Eide tek oss med til ukjende plassar som er verd å leggje merke til. Ho stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK Program riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I 2006 fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.

Underhaldingsprogram
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900



LENKER
  • Heimeside