Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 6. oktober 2011 kl 20.15 Solgt!

Hus med 12 kantar


Har du nokon gong sett eit hus med 12 kantar? Solgt! drar til Bergen for å tippe bustadprisar og besøker ein av byen sine mest særprega eigendommar.

-Endeleg er vi i Bergen for å tippe bustadprisar. Det er jo ein av Norges finaste byar, og så har det eit veldig spanande bustadmarket. Medan Oslo har ein aust- og ein vestkant, har Bergen mange populære område, fortel programleiar Frode Søreide.

Vestlandshovudstaden har mange fine hus å by på. Men det er få som kan måle seg med arkitekt Victor Ogann sitt meisterverk ved Nordåsvannet. I tillegg til at huset har 12 kantar, kan det også skilte med nesten 60 meter strandlinje.

I tillegg til dette meisterverket skal meklarane prøve tippe pris på ei toppleilegheit i populære Sandviken i Bergen. Leilegheita er innreia av interiørarkitekt, noko som gjere at den byr på mange gode og utradisjonelle løysingar. Og det blir ikkje mindre utfordrande når vi tar med meklarane til Bellevue som er eit av byen sine finaste strok.

Postbanken mot Ring
Til å tippe pris i Bergen har vi henta inn meklarar frå Postbanken i Skien – Tove Hegerland og Anders Lia. Dei møter Elly Jørstad og Jannik Holm som stiller for Ring Eiendomsmegling på Skedsmokorset.

-Det blir spanande å prøve seg i eit ukjend område. Men vi veit lite om bustadprisar i Bergen, fortel dei fire meklarane.

-Eg hadde ein magefølelse på at vi skulle til Bergen, så eg er veldig glad, seier Elly Jørstad.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".

Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobbet over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontorer, FBI og ved 17-mai.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, info@nrk.no, tlf: 815 65 900