Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 3. februar 2009 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

Ei natt med Vegard

Bli med Vegard Ulvang og programleiar Monika Blikås på nattleg skitur i Nordmarka! (Foto: Nils Arne Sæbø, NRK)
Bli med Vegard Ulvang og programleiar Monika Blikås på nattleg skitur i Nordmarka! (Foto: Nils Arne Sæbø, NRK)
Skiturar i mørket har sin heilt spesielle sjarm, særleg på skyfrie kveldar når månen får legge eit mjukt lys over vinterlandskapet. Får ein følgje av skihelten og naturmannen Vegard Ulvang, kan det vel knapt bli betre!

Programleiar Monika Blikås fekk med seg Vegard Ulvang på tur i hans nærområde Nordmarka ved Oslo. Utstyrte med hovudlykt, pilkeutstyr og sjalottlauk strauk dei over stålislagde vatn og grankledde lier, og speida etter snøspor og teikn på skogens natteliv.

Ispilking i nattemørke hadde verken Ulvang eller programleiar Monika Blikås prøvd før, men det gav faktisk resultat.

Knut Jørgen Røed Ødegaard
Dei er heldige med vêret og har stort sett stjernehimmelen klar og tydeleg over seg. Den velkjende Karlsvogna og stjernebiletet Orion er lette å finne. Men korleis brukar ein stjernene til å navigere etter og finne vegen heim att?

Ein alltid like entusiastisk astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard dukkar opp, og hjelper dei til å finne himmelretningane, og til å forstå korleis det magiske nordlyset oppstår. Sjåarane kan glede seg til fantastiske bilete av nordlys over Svalbard!

Nattdyr og rypeflokkar
Om natta vaknar mange dyr til liv, både over og under vassflata. Reporter Kjell Fuglehaug er i Lurefjorden og ser nærare på den underlege maneta Periphylla, som kjem opp frå djupet om natta.

Ein annan tøffing er raudreven, som Kari Toft har spora opp. Raudreven følgjer kraftgatene stadig lengre opp i fjellet, på jakt etter all maten som dett ned frå leidningane.

Dei eventyrlege segnene om gamle dagars enorme rypeflokkar i fjellet står i grell kontrast til fjorårets rypefattige haust. Men ein sjåarvideo viser at det fanst store rypeflokkar for berre ti år sidan.

Kontaktar
Eigenprodusert naturmagasin (2008)
Programleiar: Monika Blikås
Innslag: Kjell Fuglehaug og Kari Toft
Redaktør: Terje Dale
Pressekontakt/programinformasjon:Helene Amlie, 23 04 77 51 / 95 10 02 99
Tv-sjåarar bes kontakte Publikumsservice info@nrk.no, tlf 815 65 900




LENKER
  • Les mer