Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 14. oktober 2012 kl 21.45 Meisterklasse

Operakonsert ved ferjeleiet


Operasongaren Solveig Kringlebotn tek med seg talenta Lydia Hoen Tjore og Emil Solli-Tangen til operabygda Nordfjordeid. Ho har ein plan som vil glede både mannskap og passasjerar på ferjeleiet Anda og Lote.

I tre dagar skal Lydia Hoen Tjore og Emil Solli-Tangen jobbe saman med sitt store idol – Solveig Kringlebotn. Kva gjer det med unge talent å få jobbe tett med ei slik verdsstjerne? Og kva synes dei om å halde operakonsert for mannskap og passasjerar om bord i ferja mellom Anda og Lote?

Om serien
Klassisk musikk blir tatt ned frå scena og ut i det fri når Noregs klassiske meistrar blir personlege trenarar for unge, store talent. Sju klassiske stjerneutøvarar vel seg kvar sine to unge talent og inviterer dei til i tre dagar med intens jobbing. Korleis er det å spele når den dei beundrar mest av alt høyrer på? Og kva med å spele konsert på ein stad du ikkje veit om før du bokstaveleg tala står på scena - eller jernbanestasjonen – eller skipsverftgolvet - eller kor det måtte være?

Meisterklasse sine læremeistrar er Leif Ove Andsnes (piano), Øystein Baadsvik (tuba), Martin Fröst (klarinett), Tine Thing Helseth (trompet), Henning Kraggerud (fiolin), Solveig Kringlebotn (song) og Truls Mørk (cello).

Norsk underhaldningsserie i 7 delar
Produsert av NRK Hordaland
Produser: Thomas Hellum
Programleiar: Elin Helgheim
Pressekontakt: Silje Marie Lien, silje.marie.lien@nrk.no tlf: 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice: tlf: 815 65 900 info@nrk.no