Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 torsdag 4. november 2010 kl 22.30 Havlandet

På dypt vann

Ørnulf Opdahl på dekk av forskningsskuta G. O. Sars (Fotograf: Leif Nøttestad)
Ørnulf Opdahl på dekk av forskningsskuta G. O. Sars (Fotograf: Leif Nøttestad)
Kunstnaren Ørnulf Opdahl legg ut på si livs sjøreise. Saman med verdas fremste havforskarar i MAR-ECO og Gry Molvær frå Schrödingers Katt, legg han kurs mot storhavets uutforska villmark - den Midtatlantiske rygg. Langs den enorme fjellkjeden i havdjupet lever fisk og dyr verda aldri før har sett! Dette er like ukjent som Mars!

Ørnulf Opdahl er med sine storslåtte landskap ein av dei mest markerte samtidskunstnarane i Norden. For ei tid tilbake la han ut på ei pionerferd - både til havs og som kunstnar. Gjennom eit av dei største internasjonale havforskingsprosjekta i nyare tid, MAR-ECO og Census Of Marine Life , får han oppleve ekstreme havdjup, dyr og fiskar som er heilt ukjente og nye for oss menneske. Korleis skal han som målar uttrykke det utrulege forskarane finn?

Den norsk-styrte Atlanterhavsekspedisjonen med Ørnulf Opdahl var ein del av det verdomspennande forskingsprosjektet Census of Marine Life. I over ti år har om lag 3000 forskarar frå over 80 land vore med i prosjektet som styrkar kunnskapen om forekomst, utbreiing og økologi til dyr og dyresamfunn i verdshava. Det verdsomspennande prosjektet er no i 2010 inn i si avslutningsfase.


Programmet er sendt tidligere

Dokumentar fra Program Riks Trondheim
Kontaktadresse for presse: Presse tlf 414 28 800
TV-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900
Publikumssevice