Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 25. oktober 2009 kl 09.30 Språkteigen

Då alle var språkdirektørar

Lenge før Språkråd og ordbøker eksisterte var kvar enkelt runekyndige herre over rettskrivinga. Høyr ein moderne runekyndig stave seg gjennom ei gravskrift typisk for vikingetida.

Dei hadde rekna med 4-5 studentar. Dei håpa på litt fleire. I dag sit 15 studentar som tente lys når Kristel Zilmer fortel om runene sitt samliv med det latinske alfabetet. Det nye kurset ved Universitetet i Bergen er så populært at fleire studentar stiller sjølv om dei egentleg ikkje har tid.

Kvifor seier trønderane at dei heiter 'for' noko? Språkforskaren som heiter for Tor Erik Jenstad forklarar.

Alle veit kva det betyr å tenkje koffert, men historia bak uttrykket er ikkje like kjent. Sylfest Lomheim hentar fram att ein sexy symbolikk.