Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 30. april 2013 kl 19.45 Ut i naturen: Naturfilosofen

Mennesket i naturen


Kan den vesle bekken bakom huset heime vere vegen til det store i naturen? Per Ingvar Haukeland stiller seg mange uvanlege spørsmål om natur. Vi følgjer tankane til naturfilosofen langs bekken under Bryggefjell i Telemark.

Følg bekken, ikkje stien, seier filosofen! Bekken bak huset er familien Haukeland sin veg inn i naturen.

Haukeland seier vi må bli meir kjent med naturen i landskapet der vi bur. Vi får ei større heimekjensle ved å inkludere naturen i det vi kallar heimen. I det nære kvardagslandskapet kan det store skje.

Heimeblind
Ofte er vi heimeblinde for det som er av verdiar nær oss. Dersom vi reiser bort frå heimeplassen, er det lettare å oppdage desse verdiane når vi kjem heim.

Inn i naturen
Naturfilosofen går inn i naturen, ikkje ut. Vi er like mykje ein del av naturen som anna liv, meiner han. Det handlar om å ta seg tid, være stille og lytte. Stilla i naturen er ikkje fråver av lyd, men ei levande stille.

Naturfilosofi dreier seg om undring i naturen, og her er nok ungane flinkare enn oss vaksne, seier Haukeland. Vi blir med han, kona Frøydis og barna Isak (8) og Ingvild (7) på ei reise for å finne kjelda til vårbekken bak huset.

Sendt tidlegare.

Egenproduksjon, 2009
Produksjon: Per Jarle Heggdalsvik
Produksjonsleder: Bjørg Langeland
Pressekontakt: Sidsel Mundal, 414 52 326 / 23 04 92 82
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900