Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 lørdag 19. desember 2009 kl 20.00 Kulturdokumentar: Heimegutar

Rapparar frå Sunnmøre

Thorstein Hyl III alias Runar Gudnason er frontfigur i gruppa Side Brok. (Foto: Adele AS)
Thorstein Hyl III alias Runar Gudnason er frontfigur i gruppa Side Brok. (Foto: Adele AS)
Dokumentarfilmen "Heimegutar" følgjer frontfigur Runar Gudnason alias Thorstein Hyl III og Sjef-R, sidekick Skatebård, Oddgeir og resten av bandet gjennom karrieren frå starten i 2003, gjennom oppturar og nedturar, fram til dei kjem med ny plate i 2009.

Filmen skildrar eit unikt hip-hop-univers med fjell, fjord, råning, sprit, humor og ironi, men også ekte kjensler, vennskap og hip-hop-filosofi.

I løpet av den nesten seks år lange perioden som filmen spenner over, kan ein sjå bandet modnast, samtidig som at motivasjonen for å i det heile tatt drive med hip-hop blir sett på prøve. Til sjuande og sist handlar det om å bruke seg sjølv på ein kreativ måte og ikkje vere redd for kva andre meiner

Norsk dokumentar, 2009
Produksjon: Adeles AS
Regi: Turid Rogne
Pressekontakt: Sidsel Mundal 414 52 326 / 23 04 92 82
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 Sidsel Mundal