Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 1. mai 2008 kl 20.55 Frå solside til skuggeland?

Industristad utan røyk

Industristad, men i dag utan røyk. Skal òg Ålvik i Hardanger havna på skuggesida? (Foto: Pandora Film As)
Industristad, men i dag utan røyk. Skal òg Ålvik i Hardanger havna på skuggesida? (Foto: Pandora Film As)
Har den vesle men kraftkrevjande industristaden Ålvik i Hardanger ein reell sjanse til å overleva? I så fall tyder samfunnsutviklinga på at storsamfunnet då må trø til.

Vi får sjå noko av den 100-årige historia til industrisamfunnet Ålvik, og jamvel delar av historia til andre kraftkrevjande industristader som vaks opp langs vestlandsfjordane på 1900-talet. Frå eit tilvære på solsida fryktar dei i nær framtid eit liv i skuggeland, med avfolking og arbeidsløyse.

Hjørnesteinsbedriften
Ålvik er bygd opp omkring ferrolegeringsverket Bjølvefossen, som har produsert FeCr og FeSi for verdsmarknaden. Fram til 1990-åra tok bedriften ansvar for å utvikla eit velfungerande lokalsamfunn. I dag tek ingen dette ansvaret.

Den skinnegåande trallebanen frå 1917 var sentral ved bygging av vannmagasin på fjellet og røyrgata ned den stupbratte fjellsida til kraftstasjonen ved Hardangerfjorden. Banen skal vere av dei brattaste i sitt slag i verda. Stiginga er på ca 62 grader (til samanlikning stig Fløibanen i Bergen 26 grader). I nesten 90 år har trallebanen vore vegen for ålvikfolket til dei flotte fjellområda mot Voss.

Til Island
Nå har Statkraft stengt banen. Dei tok i 2004 over den lokale kraftressursen, som nå vert seld til høgstbydande. Utan billeg kraft, slik all kraftkrevjande industri i Noreg har hatt til nå, ser det dårleg ut for produksjon i Ålvik. Elkem Bjølvefossen flytter i 2009 produksjonen til Island.
Dette er historia om Ålvik og om ålvikfolket si oppleving av industrihistoria. Den viser at både folket i Ålvik og utflytta ålvikingar engasjerer seg i bygda si framtid.

Norsk dokumentar (2006)
Produsert av: Knut Terum og Pandora Film As
Kontaktperson i Programinformasjon: Steinar Dahl, tlf. 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumservice, tlf: 815 65 900
info@nrk.no