Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 9. september 2012 kl 20.55 Meisterklasse

Trompetar på Jæren


Trompetisten Tine Thing Helseth tek med seg talenta Audun Lorentzen og Malene Fosli Flataker ut på den storslegne Orrestranda på Jæren for å halde konsert.

Trompettalenta Audun Lorentzen og Malene Foslo Flataker fra Oslo blir fyrst inviterte til Stavanger i tre dagar. Der skal dei jobbe med trompetidolet Tine Thing Helseth.

Om serien
Klassisk musikk blir tatt ned frå scena og ut i det fri når Noregs klassiske meistrar blir personlege trenarar for unge, store talent. Sju klassiske stjerneutøvarar vel seg kvar sine to unge talent og inviterer dei til i tre dagar med intens jobbing. Korleis er det å spele når den dei beundrar mest av alt høyrer på? Og kva med å spele konsert på ein stad du ikkje veit om før du bokstaveleg tala står på scena - eller jernbanestasjonen – eller skipsverftgolvet - eller kor det måtte være?

Meisterklasse sine læremeistrar er Leif Ove Andsnes (piano), Øystein Baadsvik (tuba), Martin Fröst (klarinett), Tine Thing Helseth (trompet), Henning Kraggerud (fiolin), Solveig Kringlebotn (song) og Truls Mørk (cello).

Norsk underhaldningsserie i 7 delar
Produsert av NRK Hordaland
Produser: Thomas Hellum
Programleiar: Elin Helgheim
Pressekontakt: Silje Marie Lien, silje.marie.lien@nrk.no tlf: 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice: tlf: 815 65 900 info@nrk.no