Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 fredag 27. juni 2008 kl 19.30 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Kunstnarane ved Erik Larsatjønna

Kajsa Zetterquist og Per Adde. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK.)
Kajsa Zetterquist og Per Adde. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK.)
Det er klart for den sjette runden av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", serien om menneske som har valt å leve langt utanfor allfarveg, og som er blitt ein av dei mest populære programseriane til NRK, med sjåartal på opp imot milllionen på det meste.

Først ut er to svenskar, kunstnarparet Kajsa Zetterquist og Per Adde, som har gjort nordmenn av seg og slått seg ned i villmarka på Graddisfjellet i Nordland. Her har dei levd i rundt førti år, og i solhellinga ved den idylliske Erik Larsatjønna har dei bygd opp eit heilt tun av eldgamle bygningar, dregne til gards med hest og slede. For heimen deira er framleis veglaus, og vår og haust, før elvane som dei er omgjevne av, legg seg eller går opp, er dei jamvel isolerte frå omverda.

Naturbarn
Men slik er det naturbarnet Per Adde vil ha det. Alt medan han gjekk på Konstakademien i Stockholm brukte han feriane til å søkje villmarka og einsemda i Nord-Sverige. Når medstudentane reiste mot sør for å studere kunst ved Middelhavet, tok Per kanoen sin og padla nordetter dei svenske elvane, lenger nord for kvart år. Til sist fraus han inne og måtte overvintre i isaudet. Dei neste ti åra vart han verande ute i øydemarka, padlande frå stad til stad, med ei bikkje eller to som følgjesvein. Maten var bær og fisk og kjøt som han sjølv sanka, senga var ein haug av ris og kvist, og heimen var eit telt eller ein gamme. Her sat han og måla det han såg og opplevde. Den menneskelege kontakten han hadde, var dei reindriftssamane som han møtte på sin veg, og som han innimellom tok seg arbeid hos.

Bygde hus
Så ein dag på 60-talet tok Per seg over grensa til Noreg, og i Saltdalen møtte han ein mann som kunne skaffe han tomt til eit hus. Valet fall på bakkane ved Erik Larsatjønna på Graddisfjellet, like ved riksgrensa. Her bygde han det huset han hadde drøymt om i nettene han låg på si risseng i ein gamme og fraus, ei tømmerstove med to varmande gråsteinsgruer.

Samfunnsengasjerte kunstnarar
Etter nokre år kom Kajsa Zetterquist, ein kjenning frå studietida, på vitjing. Fort vart det eit par av dei to, og no har dei levd i lag på den einbølte staden i førti år, det meste av tida saman med nokre hundar og ein nordlandshingst som vart brukte som trekkraft.

Med åra har eit heilt tun av gamle hus vakse fram. Utanom tømmerstova Per reiste, er to atelier, løe og stabbur, gamme og utedass komne på plass. Veslehuset er jamvel frå 1600-talet.

Og her lever dei for og av kunsten og for kvarandre. For eit par år sidan, då Per nærma seg åtti, tok dei like godt og gifte seg. Men om dei lever for seg sjølve, lever dei også for andre. Kajsa og Per er samfunnsengasjerte menneske. Dei har gjort ein stor innsats for å betre utdanningstilbodet og levekåra for nordnorske kunstnarar, og gjennom stordelen av livet har dei kjempa for samane sine rettar, etter at Per i ungdomsåra oppdaga kor undertrykte samane var som folk. Mellom anna stod han i fremste rekkje i kampen for å verne Alta-Kautokeino-vassdraget, og han la ned års arbeid på å hindre kraftutbygging på Saltfjellet. Resultatet etter tallause reiser til storting og departement var oppretting av nasjonalpark på Saltfjellet, og med det er reindriftsnæringa i området sikra vidare eksistens.

Om alderdommen har meldt seg, er dei to kunstnarane dagleg i atelieret med pensel og palett, og begge ønskjer å bli verande i villmarka så lenge dei kan.

Programmet er sendt tidligere

Dokumentarsere fra NRK Møre og Romsdal
Programansvarleg: Oddgeir Bruaset, 976 98 130, oddgeir.bruaset@nrk.no
Kontaktperson Programinformasjon: Hilde Ljøen, 23 04 72 36/95 70 11 47,
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900
info@nrk.no