Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 28. februar 2010 kl 09.30 Språkteigen

Kjem Hamlet på Na'vi?

Då Paul Frommer laga Na'vi-språket til filmen Avatar stogga han etter 1000 ord. No skrik fansen etter fleire gloser, og på nettet diskuterer dei både vokabular og grammatikk.
Kva er det med konstruerte språk, eller conlang, som fengar slik?
- Dette er ikkje noko nytt fenomen. Dei eldste kjeldene om konstruerte språk skriv seg frå 1150, og sjølvaste Hildegard von Bingen sette seg ned og laga eit eige språk.
Det seier Sonja Erlenkamp, språkprofessor og conlang-entusiast, som møter i Språkteigen søndag. Det gjer òg språkforskar Pål Kristian Eriksen. Han har kikka nærare på det nye språket:
- Sølvpilen og Månestråle ville kjent att deler av Na'vi.

Kvifor har Gudbrandsdalen fått bestemt form medan Numedal er ubestemt?
Stadnamnekspert Inge Særheim leitar etter forklaringa i seinmellomalderen.

Kva er ein nagenpilt? Sylfest Lomheim sit klar med ein ny bunke lyttarspørsmål.