Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 fredag 11. juli 2008 kl 19.30 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Mann med mange jern i ilden

Ivar Orvedal er hovudperson i programmet frå Måren. (Foto: Tor Sivertstøl)
Ivar Orvedal er hovudperson i programmet frå Måren. (Foto: Tor Sivertstøl)
Berre fem menneske bort att i den veglause grenda Måren i Høyanger kommune. Berre ein av dei arbeidar på stedet. Det er tusenkunstnaren Ivar Orvedal.

Idyllisk ligg grenda i sørhellinga midtvegs inne i Sognefjorden, og dei mange gardstuna med dei vakre hagane langs stranda og oppetter bakkane, med den staselege kapteinsgarden i midten og den vesle skulestova i bjørkelunden lenger oppe i lia, vitnar om at ein gong var Måren eit aktivt lite bygdesamfunn.

Slik er det ikkje lenger. I dag lever berre fem menneske att i den veglause grenda i Høyanger kommune. Av dei er den eine vekependlar, medan to andre også må ut for å finne seg eit levebrød. Den fjerde er ein 90 år gammal pensjonist, som sist sommar vart enkje, og som etter det har kjempa ein tung kamp mot styresmaktene for å få hjelpemiddel slik at ho framleis kan få bu i heimen sin. Dermed er det berre ein einaste som har arbeidsplassen sin i Måren. Mannen som heiter Ivar Orvedal, kan titulere seg både som småbrukar og kulturarbeidar.

Allsidig mann
Som bonde og eigar av avlshingsten Skimt har Ivar Orvedal slått eit slag for å halde liv i den utryddingstruga nordlandshesten, og dessutan er han herre over ein flokk spesauer som beiter i fjell og i li.

På det kulturelle plan har han interesse både for musikk og det skrivne ord. Han er musikkmeldar og får tilsendt plater med ikkje-kommersielle tonar frå heile verda, og mykje av tida går med til å lytte på musikk og lage omtalar både til fagblad, riksaviser og lokale bygdelappar.

Heilt til det siste har han forresten vore postmann også. Arbeidet går ut på å sende post og å ta imot den som kjem med rutebåten, og å dele brev og blad og brosjyrar mellom seg og dei andre som møter opp på det primitive postkontoret, eit bølgeblekkskur nede ved kaia.

Eigne festivalar
Forfattar er han òg, eller poet, for det er poesiforma han dyrkar. Hittil har han gjeve ut fire lyrikksamlingar, og desse dikta – eller andre – framfører han gjerne saman med utvalde musikarar på ulike arrangement rundt om i bygd og by.

Annankvar sommar skipar han dessutan til sin eigen lyrikk- og musikkfestival, Mårenbiennalen. Då strøymer inviterte songarar, musikarar og forfattarar til Måren, og gjennom samtalar og samspel snikrar dei i hop eit program som blir framført for eit publikum som tek seg fram i båt over fjorden eller til beins over fjella. Er vêret godt, blir det sunge og musisert ute i det fri, men auser regnet ned, som sist sommar, blir det intimkonsert på loftet til Orvedal, i eit kyrkjeliknande rom som poeten kallar himmelskipet.

Vil ikkje byggje ut elva
Men kulturarbeidaren og småbrukaren segler ikkje berre i medvind. Lenge har eit kraftselskap gått med planar om å byggje ut elva i Måren, og like lenge har Ivar Orvedal kjempa for at så ikkje må skje. Han ser på elva som livsnerven i grenda, og dessutan finn han inga meining i at kapitalkreftene skal gjere seg rike på noko som høyrer folket i utkantgrenda til.

Sist haust vart avgjerda teken. Elva skal temmast. Orvedal tapte ein kamp som hadde kosta han mange harde arbeidsår. Og mannen sturer. Kva han no vil gjere, veit han ikkje. Det einaste han veit, er at han ikkje orkar vere heime medan anleggmaskinane ståkar. Men, legg han til, Måren er ein altfor fin buplass til at grenda kan døy.

Programmet er sendt tidligere.

Dokumentarserie fra NRK Møre og Romsdal
Programansvarleg: Oddgeir Bruaset, 976 98 130
Kontaktperson Programinformasjon: Hilde Ljøen, 23 04 72 36/95 70 11 47, TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no